Volstad Surveyor - oceanxplorer foto Andy Mann/Oceanxplorer
FORSKINGSYACHT: Oceanxplorer som det tidlegare offshoreskipet heiter no, har mellom anna ein rekke undervassfarkoster om bord. Skipet skal brukast til forsking og filmarbeid. Foto: Andy Mann/Oceanxplorer
Nytt

– Det er som teke ut av ein James Bond-film

Utstyrsparken om bord i det ti år gamle offshoreskipet frå Ålesund står ikkje tilbake for noko. No blir skipet «stjerne» i eiga serie.

Marius Rosbach
28.09.2020

NETT NO har tidlegare omtala ombygginga av konstruksjonsskipet Volstad Surveyor. No er det tidlegare offshoreskipet frå Ålesund snart klar for sitt første verkelege oppdrag under sitt nye namn Oceanxplorer.

Skipet har vore under utrusting i fleire år og blei sjøsett frå Damen-verftet i Tyskland tidleg i år. Allereie då gjekk bilda av skipet verda rundt, mellom anna på Superyachttimes.com.

Startar filming neste år
Nyleg omtala New York Times arbeidet med skipet og då kom det fram at det nærmar seg innspelinga av ein tv-serie der skipet skal være «superstjerna», slik eigaren Ray Dalio ser det.

nettnohalf

Det er selskapet til den amerikanske milliardæren, naturfilmprodusenten Alucia Productions i New York, som no eig skipet. Det amerikanske nonprofitselskapet har som mål å lage opplysande og inspirerande film- og tv-produksjonar om havet.

Den første seglasen vil bli vist i den seks delar lange National Geographic-serie «Mission OceanX», som blir produsert av BBC. Filminga startar tidleg neste år.

Godt utstyrt
Designet og den røffe utforminga på skipet med plass til 85 personar, passar godt til å kunne manøvrere roleg sjølv i røffe farvatn. Det passar perfekt når Dalio skal fullføre sitt mål om å vise havet på nye måtar ved hjelp av film, tv og live-sendingar frå skipet.

Om bord er det mellom anna ein hangar for tre små ubåtar og to undervassrobotar. I baugen er det eit system som halder «utkikk» etter kval og skal unngå kollisjonar.

Vincent Pieribone som har vore med å rigge skipet for bruk av vitskapsfolk, er nøgd med resultatet.

– Eg fekk bokstavleg tala tårar i augo då eg gjekk om bord i skipet og såg alt vi er i stand til å gjere med dette skipet. Det er som teke ut av ein James Bond-film, seier han til New York Times.

Bygd av Volstad Shipping i 2010
Skipet er teikna av eit anna Ålesund-selskap, Skipsteknisk, og blei bygd ved eit spansk verft for offshoremarknaden i 2010.

Amerikanaren kjøpte Volstad Surveyor etter at Ålesund-reiarlaget miste ein stor kontrakt med Deep Ocean.

Volstad Shipping fekk 73,8 millionar kroner for kontraktsbrotet, men valde å selje det 87,1 meter lange konstruksjonsskipet. Skipet vart omdøypt til Alucia 2, men har sidan skifta namnt til Oceanxplorer.

Les også: Gamle Volstad Surveyor klar for filmen

Sjå film om Oceanxplorer her (ekstern lenke)


Eg fekk bokstavleg tala tårar i augo då eg gjekk om bord i skipet og såg alt vi er i stand til å gjere med dette skipet

Publisert: 28.09.2020 16:32

Sist oppdatert: 11.01.2024 22:42

Mer om