Det er paa grensa til kvalifisert sutring
I forkant av at revidert nasjonalbudsjett blei lagt fram signerte 70 kystordførarar eit opprop der dei flagga motstand mot at staten skal få ein større del av inntektene frå havbruksfondet. Det møter lita forståing hos fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (innfelt). 
Nytt

– Det er på grensa til kvalifisert sutring

Kystordførarar møter lite forståing hos fiskeriministeren.

29.06.2020
(NPK): Før revidert nasjonalbudsjett blei lagt fram signerte 70 kystordførarar eit opprop der dei flagga motstand mot at staten skal få ein større del av inntektene frå havbruksfondet. Det møter lita forståing hos fiskeriministeren.
– Det er på grensa til kvalifisert sutring når ein seier ein har tapt. Realiteten er at det er ei god løysing for kommunane. Det vil komme fram etter kvart, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen til
Han viser til at regjeringspartia og Frp nyleg kom til semje om revidert nasjonalbudsjett, inkludert havbruksdelen. Før fekk distrikta 80 prosent av inntektene frå havbruksfondet. No blir fordelinga slik at staten får 60 prosent. Inntektene i havbruksfondet kjem frå oppdrettarar som kjøper seg meir kapasitet til å produsere fisk.
Samstundes med den nye fordelinga av inntektene i havbruksfondet blir den nye avgifta på 40 øre per produsert tonn oppdrettsfisk, den såkalla produksjonsavgifta, innført. Fiskeriminister Ingebrigtsen meiner avgifta gir etterlengta, stabil inntekt til vertskommunane, framfor den ustabile inntekta frå sal av nye løyve gjennom havbruksfondet.
(©NPK)

Publisert: 29.06.2020 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59