Det er mange som heiar paa oss
GURSKEN: Kleven-namnet er i ferd med å verte fjerna på dokka til Myklebust. Sande-verftet jaktar meir arbeid.
Nytt

- Det er mange som heiar på oss

Myklebust jaktar meir arbeid, og i påvente av nybyggingsoppdrag fyller verftet opp med reparasjonar og vedlikehald.

23.09.2018
- Slik det ser ut til no, vert det ikkje snakk om permitteringar i nokon stor skala.
- Dei få som er permitterte arbeider innan kantine og logistikk.
Det seier verftsdirektør Inge-Jonny Hide ved Sande-verftet.
Han seier at det verftet har vorte godt mottatt etter at ein vart skilt ut frå Kleven etter 17 år.
- Det er mange som heiar på oss, endåtil konkurrentar som ønskjer oss lukke til.
- Dette hjelper både på arbeidslyst og framtidstru, seier Hide.

Reparasjon og vedlikehald

Totalt er det 130 fast tilsette ved verftet, medan det siste vekene har vore 320 innom portane med leigearbeidarar og tilsette frå andre firma.
Men no minkar det på oppdrag. 1. og 15. november skal to 130 bilars ferjer overleverast til FosenNamsos Sjø, og då er det førebels slutt på nybyggingsoppdraga.
- I påvente av nye større oppdrag, prøver vi å fylle opp med reparasjonar og vedlikehaldsoppdrag, seier Hide.

Leiger ut til andre verft

Han opplyser at det også er på tale å leige ut tilsette til andre verft.
- Ja, dette er noko vi ser på.
Litt ekstra arbeid fekk verftet då den nye Polen-bygde brønnbåten Aqua Tromøy til Dess Aquaculture kom til Myklebust for uttesting av utstyr.
- Men for oss er dette berre nokre få veker med arbeid, seier Hide.
I tillegg har verftet dokking av dei to siste Maersk-skipa frå Kleven, samt klassing og vedlikehald av det Myklebyst-bygde seismikkskipet Sanco Sword.
- Før jul får vi også inn ein russisk fiskebåt til reparasjon og vedlikehald.

- Spennande nybyggingsprosjekt

Inge-Jonny Hide seier at det vert jobba med fleire interessante nybyggingsprosjekt.
- Dette dreier seg om både havbruk, fiskeri og ferjer.
Etter det NETT NO kjenner til er Myklebust høgaktuell til å få kontrakt på bygging av ein større brønnbåt.
- Så langt har vi ingen signerte kontraktar, men vi håpar og trur at vi snart lukkast, seier Hide.
Det er mange som heiar på oss, endåtil konkurrentar som ønskjer oss lukke til

Publisert: 23.09.2018 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26