Dette skriv Westshore-analytikar Inger-Louise Molvær i siste utgåve av Westshore-publikasjonen .
Der er eitt lite lyspunkt, og det er knytt til offshore vind. Siste analysane viser at det ikkje vert bygt nok skip til dei planlagde prosjekta, slik at det kan vere ei opning for å bruke fleire av dagens offshorefartøy til slike oppdrag. I tillegg kan det gi fleire nybyggingsoppdrag til verfta.
I staden for ei utflating, forventar Molvær at det vil verte endå fleire PSV-ar i opplag. Grunnen til dette er at operatørane har redusert behovet for PSV-ar på faste avtalar med 20 prosent sidan 2014.
Mange av dei som no går av kontrakt i Nordsjøen, vil dermed ha vanskar med å finne nye kontraktar i Nordsjøen.
Stort betre er det ikkje på britisk side. Her er det planlagt å bore i beste fall ti brønnar, ned frå 13 i fjor. Uansett er det snakk om det lavaste talet på 45 år.
Molvær viser til at siste månaden har selskap som Viking Supply, Sealion, Island Offshore og Rem Offshore lagt PSV-ar i opplag.
- Det triste faktum er at det vil verte fleire, fastslår Molvær.
Den lave oljeprisen fører også til at ein tredjedel av dei britiske oljefelta ikkje er lønsame, slik at det ikkje er forventa at oljeproduksjonen vil auke.
I snitt kostar det på britisk side 52,50 dollar fatet å hente opp eit fat olje. Trass omfattande kostnadskutt, er det mange felt som framleis har langt att før ein er lønsame med dagens prisar.
Men mest alvorleg er det at det er forventa ein stor nedgang i antal riggflyttingar, som er avgjerande for at ankerhandterarane skal få oppdrag.
I januar i år var det 14 riggflyttingar, mot 36 i januar i fjor. I februar var talet 18, mot 25 i februar i fjor.
Ifølgje Molvær er det ingen teikn på snarleg forbetring, og ho skildrar situasjonen mellom drillselskapa som ei form for "leiteapati", der ein serie dårlege leiteresultat kombinert med svært lav oljepris, har ført til at svært få er villig til å ta den risikoen det er å leite etter meir olje i dagens situasjon.
Der er eitt lite lyspunkt, og det er knytt til offshore vind. Siste analysane viser at det ikkje vert bygt nok skip til dei planlagde prosjekta, slik at det kan vere ei opning for å bruke fleire av dagens offshorefartøy til slike oppdrag. I tillegg kan det gi fleire nybyggingsoppdrag til verfta.
Redusert behov for PSV-ar
Men elles er det langt mellom lyspunkta.I staden for ei utflating, forventar Molvær at det vil verte endå fleire PSV-ar i opplag. Grunnen til dette er at operatørane har redusert behovet for PSV-ar på faste avtalar med 20 prosent sidan 2014.
Mange av dei som no går av kontrakt i Nordsjøen, vil dermed ha vanskar med å finne nye kontraktar i Nordsjøen.
Rekordlav boreaktivitet
Det er heller ingen teikn til auka boreaktivitet. I år er det planlagt berre 32 boreoperasjonar på norsk sokkel. I fjor var talet 56.Stort betre er det ikkje på britisk side. Her er det planlagt å bore i beste fall ti brønnar, ned frå 13 i fjor. Uansett er det snakk om det lavaste talet på 45 år.
Molvær viser til at siste månaden har selskap som Viking Supply, Sealion, Island Offshore og Rem Offshore lagt PSV-ar i opplag.
- Det triste faktum er at det vil verte fleire, fastslår Molvær.
Mange ulønsame felt
Også for ankerhandterarar forventar Molvær at aktiviteten vil gå ned, men sidan her er det allereie tatt ut eit stort antal skip frå marknaden, forventar ein at det vert volatile rater og dermed perioder med bra rater.Den lave oljeprisen fører også til at ein tredjedel av dei britiske oljefelta ikkje er lønsame, slik at det ikkje er forventa at oljeproduksjonen vil auke.
I snitt kostar det på britisk side 52,50 dollar fatet å hente opp eit fat olje. Trass omfattande kostnadskutt, er det mange felt som framleis har langt att før ein er lønsame med dagens prisar.
Få riggflyttingar
På norsk side er situasjonen litt betre ettersom det i snitt kostar 36,10 dollar fatet å ta opp eit fat olje, men her er det mange nye felt som er sette på vent sidan dei ikkje vert lønsame med dagens lave oljeprisar.Men mest alvorleg er det at det er forventa ein stor nedgang i antal riggflyttingar, som er avgjerande for at ankerhandterarane skal få oppdrag.
I januar i år var det 14 riggflyttingar, mot 36 i januar i fjor. I februar var talet 18, mot 25 i februar i fjor.
Ifølgje Molvær er det ingen teikn på snarleg forbetring, og ho skildrar situasjonen mellom drillselskapa som ei form for "leiteapati", der ein serie dårlege leiteresultat kombinert med svært lav oljepris, har ført til at svært få er villig til å ta den risikoen det er å leite etter meir olje i dagens situasjon.
Det triste faktum er at det vil verte fleire
Publisert: 28.03.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54