Det er god plass til baade Ulstein og Kleven
KLEVEN: Karsten Sævik har vorte overaust med lukkeønskingar etter at det vart klart at han vert ny Kleven-sjef. Han gler seg.
Nytt

- Det er god plass til både Ulstein og Kleven

I over seks år var han verftsdirektør ved Ulstein Verft. No skal han ta fatt i nesten same slags jobb i Kleven-konsernet, og meiner at begge verfta har livets rett.

15.02.2018
- Ja, begge verfta har vist at ein kan byggje komplekse fartøy, og ikkje minst har ein prosjektorganisasjon som maktar å gjere endringar og tilpassingar undervegs.
- Denne evna av å kunne endre seg og samstundes levere kvalitet til rett tid, trur eg det vert stort behov for framover.
55-åringen er framleis administrerande direktør ved Remøy Shipping i Fosnavåg, men har også nokre tankar om kva som trengst for å snu Kleven-skuta etter fleire tunge år.
- Kunnskapen og kompetansen til å bygge båtar har dei gjennom fleire tiår vist at dei har. No gjeld det å finne dei rette oppdraga og ha det rette aktivitetsnivået, slik at ein på nytt kan tene pengar.

Vil sjå på design-strategi

Sjølv om Ulstein og Kleven er like på mange måtar, er dei også ulike på den måten at Ulstein har vore svært trugne mot å bruke eigne design ved bygging av båtar ved verftet.
Sævik seier at det er både fordelar og ulemper ved Kleven-modellen, der ein har arbeidd med svært mange ulike typer design.
- Det er muleg ein skal halde fram som før, men dette er uansett noko eg vil sjå nærare på når eg kjem i sving for fullt.

Viktig dokk

Kleven har også to verft å spele på, ettersom ein også har Myklebust Verft i Gursken.
Sævik har god tru på at Myklebust vil få nytte av dokka framover.
- I dag har verfta i Ulstein og Gursken operert litt parallelt. Kanskje bør dei to verfta sjå nærmare på kva oppgåver som egner seg best for dei i tida framover? seier Sævik.

- Må tene pengar

Etter at det vart klart at han skulle overta som konsernsjef i Kleven-konsernet, har han vorte overaust med lukkeønskingar.
- Eg får ta dette som eit godt teikn.
Han seier at han gler seg til å kome i gang for fullt, men er førebudd på utfordringar.
- Det viktige er at Kleven har vist at verftet kan byggje svært gode båtar. Dette skal verftet også fortsette med, men ein må no også vere sikker på at ein tener pengar på oppdraga.

Styret avgjer børsnotering

Fleire av eigarane i nye Kleven har signalisert at det fram i tid kan vere aktuelt med børsnotering av konsernet, men då helst ved at ein har fleire bein å stå på.
Sævik seier at dette er det styret som avgjer, men at han i utgangspunktet vil fokusere på å gjere verksemda mest muleg lønsam.
- Det kan også vere mulegheiter for annan type produksjon, ikkje minst ved bruk av kunnskapen som verksemda har opparbeidd seg gjennom prosjektet knytta til robot- og lasersveising.

Trur på oppsving

Han trur at det etterkvart også vil kome eit oppsving i nybyggingsaktiviteten, og meiner at Kleven er godt rusta til å konkurrere om nye oppdrag.
- Men då tenkjer eg helst på spesialfartøy, der ein i stor grad er avhengig av skreddarsaum, og der kunden må vere trygg på at rett kvalitet vert levert til rett tid.
Store seriekontraktar med enkle fartøy vil som før mest sannsynleg vere billegare å utføre ved verft i utlandet, meiner han.
Sævik har seks månader oppseiing som administrerande direktør ved Remøy Shipping, og seier at han er budd på å sitje ut oppseiingstida.
- Men den dagen Remøy Shipping har funne ein ny person til denne stillinga, er eg klar til å starte hos Kleven.
Denne evna av å kunne endre seg og samstundes levere kvalitet til rett tid, trur eg det vert stort behov for framover

Publisert: 15.02.2018 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18