Det er definitivt utfordrande enno
SKIFTE: Håvard Ulstein (t.v.) sluttar i jobben som administrerande direktør i Island Offshore, og overlet sjefsstolen til Tommy Walaunet. 
Nytt

– Det er definitivt utfordrande enno

Trass framleis tøffe tider, meiner Håvard Ulstein å sjå lysning når han overlet roret til Tommy Walaunet etter nær 20 år i sjefsstolen i Island Offshore.

Marius Rosbach
19.08.2019
Måndag kom nyheita om at Håvard Ulstein overlet .
Håvard Ulstein har leia Island Offshore i nær 20 år, og no meiner han tida er inne for at andre tek over roret. At det vert ulsteinvikaren Tommy Walaunet som tek over rolla som administrerande direktør frå 1. september, var ikkje ei stor overrasking. Han kjem frå stillinga som viseadministrerande direktør.
– Han har bakgrunn frå selskapet gjennom mange år og har jobba nær meg heile perioden. Det har gitt han kunnskapen som trengst, og det var ikkje vanskeleg å velje han, seier Ulstein til NETT NO om etterfølgjaren.
Håvard Ulstein vil gå over i ei Business Development-rolle i selskapet, og held fram som medeigar.

Les også:


Ikkje offentleg resultat

Morselskapet Island Offshore Shipholding der Borgstein AS og Edison Chouest eig ein halvpart kvar, er registrert på Caymanøyene og rekneskap er såleis ikkje offentlege.
– Det er eit privilegium vi har, og vi ønskjer ikkje å seie noko konkret. Men eg kan stadfeste at vi er langt frå nøgde. Det er definitivt utfordrande enno, og vil vere det ei god stund, seier Håvard Ulstein.

Trur det tek seg opp i haust

I pressemeldinga vert det opplyst at leiarskiftet har vore planlagd i lengre tid, og at dei har venta på ei betring i marknaden – og meiner tida er inne no.
– Kan du utdjupe korleis reiarlaget har opplevd utviklinga?
– Frå i fjor haust, til i sommar hadde vi betydeleg betre aktivitet og høgre ratenivå. Vi har fått oss ein på tryne i sommar, med lågare aktivitet og ratenivå – men vi har tru på at det tek seg opp utover hausten. Det følgjer gjerne oljeprisen, og sjølv om den har vore ned i det siste, er nok dei lange linjene lagt. Difor trur vi investeringane til oljeselskapa blir det nivået som er no, forklarar han.
I mai fortalde Island Offshore-sjefen at dei trengde fleire folk, fordi fleire båtar vart sett i drift. I sommaren vart det klart at reiarlaget fordi skipet Island Victory ikkje vart levert i tide frå Vard Brevik.

Les også:




Vi har fått oss ein på tryne i sommar, med lågare aktivitet og ratenivå – men vi har tru på at det tek seg opp utover hausten

Publisert: 19.08.2019 21:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38