Det er daarleg men betre enn opplag
MOLTU: Sanco Sky forlet opplaget etter 14 månader.
Nytt

- Det er dårleg, men betre enn opplag

Sanco-reiarlaget tek Sanco Sky ut av opplag, og ser litt lysning.

30.03.2017
Ni år gamle Sanco Sky vart lege i opplag på Moltu i Herøy i desember 2015. Båten har vorte brukt som støttefartøy for seismikk, mellom anna for å frakte olje.
No har reiarlaget sikra seg fire månaders arbeid med ein norsk kunde i Barentshavet. Slettevoll seier at ratene ikkje er noko å rope hurra for.
- Det er dårleg, men betre enn å ha båten i opplag.
Les her:
Kontrakten fører til at 16 sjøfolk på nytt får arbeid, eit arbeid som både medfører oljefrakt og frakt av personell og utstyr.
- Vi håper at vi får forlenga denne kontrakten.

Litt lysning

Gjerdsvik-reiarlaget har to andre skip liggjande i opplag; Sanco Spirit på Moltu og Sanco Star på Las Palmas. Slettevoll seier at han har tru på at begge båtane vil vere i arbeid frå august.
Sjølv om det er litt lysning, vil Slettevoll langtfrå friskmelde seismikkmarknaden.
- Nei, det er lenge til vi er der, men det er uansett ein del meir aktivitet.
- Det er fleire førespurnader enn på lang tid. Det er gledeleg.
Sanco-reiarlaget har totalt sju semsikkfartøy og støttefartøy for seismikk. Dei to nyaste skipa er Kleven-bygde Sanco Swift og Sanco Sword, som begge er i arbeid for PGS.
Det er fleire førespurnader enn på lang tid

Publisert: 30.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07