Det er brann i maskina og fleire er skada
KRISETRENING: Kaptein Thomas Melchiorsen på Olympic Zeus på plass på brua rett før det vert slått brannalarm. Bak Kjell Rødset på Olympic Octopus, Kurt Remøy på Olympic Hera og instruktør Per-Johnny Brekke.
Nytt

"Det er brann i maskina og fleire er skada"

Korleis handtere ein akutt krisesituasjon, både om bord og på land? Dette har tilsette i Olympic og Remøy Shipping fått testa denne veka, så realistisk som mogleg.

16.02.2016
- Ja, her trenar vi på ein situasjon som absolutt kan oppstå. Nærare ein reell situasjon er det vanskeleg å kome.
Dette seier dagleg leiar Håvard Stave i Fosnavaag Ocean Academy (FOSAC), som er ansvarleg for treningsopplegget i krisehandtering.

Skada og omkomne

Det startar med ein brann om bord i maskinromet i eit offshorefartøy som er på veg ut frå Mongstad for å levere utstyr til ein rigg.
Om bord er det 28 personar, både eige mannskap, innleigd mannskap og nokre gjestar.
Brannen utviklar seg fort, det vert sakna personar, det vert skada personar og etter kvart også omkomne.
Dette er ein vanskeleg situasjonen å handtere for offiserane på brua, men etter kvart også for landorganisasjonen.

Direkte Statoil-kontakt

Mellom anna må ein forhalde seg til både forsikringsselskap og til operatør Statoil, og under øvinga er det direkte kontakt med både Norwegian Hull Club og Statoil på Mongstad.
- Ja, her er det ulike måtar å løyse krisesituasjonen på. Det er opptil organisasjonen sjølv å finne dei beste modellane. Vi berre legg til rette, seier Stave.
Landorganisasjonen vert etter kvart nedringt av engstelege pårørande, inkludert mange utanlandske. Etter kvart vert det også eit enormt medietrykk.
Her har ein alliert seg med medielina ved Høgskulen i Volda, som stiller med ei rekkje mediestudentar, som ivaretek rolla som oppsøkjande media.

- Media er viktig i kriser

Høgskulelektor Kristian Fuglseth rosar opplegget.
- Vi har medietrening saman med ei rekkje bedrifter, men ingen stad er det betre og meir realistisk enn her i Fosnavåg.
Han har sjølv kurs for dei offshoretilsette som deltek.
- Eg prøvar å forklare at media har ei rolle å spele, spesielt for å gi rask og korrekt informasjon under kriser. Difor er det også viktig at reiarlaga spelar på lag med media i slike situasjonar.
Ei rekkje instruktørar er hyrt inn for å utvikle simulatortreninga, og til å gi gode råd og innspel undervegs.

Grunnstøyting og brannar

Ein av dei er pensjonert cruise- og offshorekaptein Per-Johnny Brekke frå Fiskå i Vanylven. Han har sjølv opplevd fleire krisesituasjonar.
- Ein gong gjekk cruiseskipet på grunn utanfor Miami, med 2000 passasjerar om bord. Eg var ikkje på brua då det skjedde, men det kunne fort å ha utvikla seg til ein svært alvorleg situasjon.
- Eit par gongar har det også vore branntilløp om bord i båtane.
Han seier at dei dramatiske situasjonane har vorte løyste på gode måtar.
- Men dette skuldast at vi hadde gode prosedyrer og hadde trena på dette på førehand.

Viktig med fellesøvingar

Han meiner at det er svært viktig å gjennomføre kriseøvingar der både offiserane om bord og sentrale aktørar i landorgansisjonen deltek.
- Dette kurset er unikt i og med at ein har med både første- og andrelinja, i tillegg til media, forsikringsselskap og operatøren Statoil.
- Gjennom slike kurs får ein langt betre forståing på land for situasjonen om bord, og omvendt.
Håvard Stave opplyser at planen er å vidareutvikle kurset.
- I starten satsar vi på offshoreselskapa, men dette er like aktuelt for fiskeflåten, brønnbåtar og ferjer.
Ein gong gjekk cruiseskipet på grunn utanfor Miami, med 2000 passasjerar om bord

Publisert: 16.02.2016 16:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53