Det blir ikkje noko rentesjokk
FOSNAVÅG: Sjefsøkonom Inge Furre (t. h.) i Sparebanken Møre trur på ein forsiktig renteoppgang over tid. Her i samtale med regionbanksjef Kjell Brudevoll.
Nytt

- Det blir ikkje noko rentesjokk

Sjefsøkonom Inge Furre i Sparebanken Møre roar ned alle som fryktar ein eksplosiv renteauke.

22.01.2019
- Renta i Norge er gradvis på veg opp, men det vil skje langsomt.
- Det ligg ikkje an til noko rentesjokk på nokon som helst måte.
Det fastslo Furre på eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.
Norges Bank har signalisert to renteauker i år, pluss tre til innan 2021, totalt fem.
Men det er no meir usikkert om alle renteaukene vert noko av.
- Vi kan faktisk få eit nytt rentefall, men vi ser det ikkje som sannsynleg.

Positive utsikter

Furre viste til at dei fleste økonomiske indikatorane i Norge no er positive.
- Det ser betre ut enn for eitt år sidan.
Han viste blant anna til fallet i arbeidsløysa.
- Lønsveksten er no i ferd med å kome opp, etter ein lang periode med lav lønsvekst. Lønsveksten er noko Norges Bank vil leggje vekt på i rentefastsetjinga.

Toler ikkje høg rente

Men på den andre sida viste Furre til den høge gjeldsveksten, spesielt drive fram av høge bustadprisar.
- Sterk gjeldsvekst skulle i utgangspunktet bety høgare rente. Men saka er at det skal ikkje til mykje oppgang i renta før det får sterke utslag i innanlands etterspørsel.
- Dette vil bidra til at renteoppgangen skjer langsomt. Viss renteoppgangen skjer for fort, er det øydeleggande for økonomien, sa Furre.
Han meinte også at Norges Bank ville vere forsiktig med å auke renta raskt på grunn av kronekursen.
Også dei langsiktige rentene i Europa indikerer at det ikkje vert snarlege større rentehopp.

USA avgjer mykje

Men mykje avheng framleis av utviklinga i USA, fastslo Furre, som understreka kor tett utviklinga i Europa er kopla til utviklinga i USA.
- Sjølv om det har vore ei viss frikopling mellom USA og Europa siste åra, kjem vi ikkje utanom at USA framleis har stor påvirkning på europeiske renter.
- USA er den store drivkrafta og motoren i verdsøkonomien, med 25 prosent av verdas produksjon av varer og tenester, sa Furre.
Han viste til at det no var bra vekst i amerikanske økonomi, og der utviklinga er nokså lik utviklinga i Europa med redusert arbeidsløyse, samstundes som at lønsveksten har vore lav i lengre tid.

- FED has gone crazy

Men no stig lønene i USA, noko som har bidrege til at FED, den amerikanske sentralbanken har gjennomført åtte renteauker siste to åra.
- Dette likar ikkje Trump. 'Fed has gone crazy', seier Trump.
Furre viste til at den amerikanske sentralbanken har signalisert at rentene skal vidare opp, men ikkje mykje opp.
Samstundes er marknaden meir tvilande om dei siste renteaukene vert noko av.
I Europa såg ikkje Furre føre seg at det vert renteauke med det første.
- Våre analyser seier at det vert europeisk renteauke først på slutten av året.
Viss renteoppgangen skjer for fort, er det øydeleggande for økonomien

Publisert: 22.01.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30