Desse skulekutta vil fleirtalet droppe
MINDRE SKULEKUTT: Forslaget til fleirtalspartia blei vedteke med åtte stemmer. Det betyr mindre kutt for dei vidaregåande skulane enn det som låg på bordet frå administrasjonen. 
Nytt

Desse skulekutta vil fleirtalet droppe

Foreslår å skjerme fleire linjer ved dei vidaregåande skulene.

Marius Rosbach
03.12.2019
(ekstern lenke)
Fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) la tysdag på vegner av fleirtalet i fylkesutvalet fram eit forslag som betyr mindre kutt på fleire linjer i dei vidaregåande skulane.
Fellesforslaget fekk fleirtal med åtte stemmer. Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka 9.-11. desember.

Skjermar fleire linjer

Fleirtalet som består av Ap, Sp, SV, MDG, KrF og Venstre vil gi ekstra midlar til toppidrettslinja i Stranda, samanlikna med forslaget frå fylkesrådmannen.
Dei vil ha fulle klassar i musikk, dans og drama ved dei plassane som har tilbodet i dag – Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund.
De vil også behalde YKS-linja ved Haram vidaregåande.
I tillegg går dei inn for å vidareføre restaurant og matfag på Fræna, industriteknologi på Gjermundnes, restaurant og matfag i Ørsta, restaurant og matfag på Stranda og elektrolinja i Surnadal. Inntil vidare vil dei også halde fram med bygg og anlegg i Herøy, samt ha eit småskaltilbod for byggutdanning i Surnadal og Tingvoll.
Dei vil videre skjerme linjene for kunst, design og arkitektur i Volda og Kristiansund.
Fleirtalet vil også vurdere innsparingar ved å sjå på felles løysingar for Stranda og Sykkylven.
– Vi ber også administrasjonen om å flytte VG2-tilbodet kulde og varmepumpeteknologi til Borgund for å sjå om det er mogleg å halde oppe det tilbodet her i fylket, sa Kjølmoen.
Fleire kuldebedrifter har engasjert seg mot forslaget om å kutte linja som har vore ved Haram vidargåande. Linja har likevel hatt låge elevtal og fleirtalet håpar at den kan vidareførast i Ålesund.

Nedlegging i Vanylven

For den vidaregåande avdelinga til Herøy vidaregåande i Vanylven går det mot nedlegging. Også YSK-utdanningane i Fræna, Ulstein, Kristiansund og Ålesund ligg an til å bli avvikla med dette vedtaket.
– Det er ikkje hyggeleg å vere med å fase ut avdelinga i Vanylven, sa Pål Farstad (V) – men meinte det var gledeleg at dei klarte å prioritere mat- og restaurantfag ved fleire skular.

Frp vil spare i administrasjonen

Framstegspartiet vil ikkje vere med skulekutta og Geir Stenseth (Frp) meinte framleis innsparinga på utdanning var å «gå baklengs inn i framtida».
Han gjekk på talarstolen og viste til forslaget partiet la fram for utvalspolitikarane tidlegare i månaden, som mellom anna går ut på å spare fire millionar i administrasjonen i utdanningsavdelinga. Dei vil også starte ein prosess der ein ser på administrative samanslåingar for ein rekke vidaregåande skular.
Stenseth bad også fylkespolitikarane sjå på moglegheitene for å ha desentraliserte VG1-tilbod, men at VG2-tilbod kunne vere meir konsentrert om større plassar fordi elevane då var eldre og lettare kunne flytte på seg.

Høgre vil legge ned

Monica Molvær (H) sa at Høgre ville komme tilbake til konkrete forslag i den seinare budsjettsaka, men det er kjent at partiet mellom anna vil legge ned Tingvoll vidaregåande.
– Vi ønsker å sjå på endringar i skulestrukturen, sa Molvær og ville ha den saka opp til full debatt.
Høgre ville også, som Frp, sjå på administrative samanslåingar og kutt i administrasjonen ved utdanningsseksjonen i fylkeskommunen.

– Sterke ord

Kristin Sørheim (Sp) forsvarte prioriteringa om å behalde skular i distrikta, i staden for å legge ned skular.
Ho hadde også eit hjartesukk om korleis kutta blei omtala.
– Ord som rasering og katastrofe er sterke ord om ei innsparing på 28 millionar i eit budsjett på kring 1,5 milliard, påpeika ho.

Les meir om saka:










Publisert: 03.12.2019 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45