Desse skal byggje reirarlag med 600 tilsette
KYSTRUTEN: Leiinga i Havila Kystruten framfor Havila-bygget Diamanten på Mjølstaneset, det som truleg vert basen for storsatsinga. Frå venstre Truls Are Hoff, Jon Kvalsund, Tor Johan Pedersen, Janicke Driveklepp, Per Sævik, Kjell Rabben og Øyvind Sævik.
Nytt

Desse skal byggje reirarlag med 600 tilsette

Heile toppleiinga i Havila Kystruten er no på plass. Om to år skal ein ha eit reiarlag med rundt 600 tilsette.

04.09.2018
- Dette vert stort. Det vert garantert krevjande, men vi gler oss, seier adm. dir. Arild Myrvoll.
Han kom sjølv frå stillinga som adm. dir. i Rem Offshore, og var med på tilsetjingsprosessen av dei nye leiarane.
- Eg synst vi har fått sett saman eit svært godt lag.

Oslo og Trondheim

Utanom Myrvoll består leiargruppa av marknadsdirektør Tor Johan Pedersen frå Oslo, hotellsjef Truls Are Hoff frå Trondheim, økonomidirektør Janicke Driveklepp frå Volda, IT-sjef Jon Kvalsund, teknisk direktør Kjell Rabben, og under hans leiing også prosjektkoordinator Øyvind Sævik – dei tre siste frå Herøy.
Pedersen og Hoff vekependlar til Herøy frå Oslo og Trondheim.
Arild Myrvoll seier at det neste som skal på plass er to byggjeteam som skal følgje opp bygginga av dei fire skipa til Havila Kystruten.
Skipa skal vere ferdige hausten 2020, og frå januar 2021 skal Havila Kystruten sine skip inn i fast trafikk mellom dei 34 hamnene på strekninga Bergen - Kirkenes.

Stor norsk arbeidsplass

Totalt skal det tilsetjast 120 – 140 personar per skip fordelt på to skift.
- Vi får eit mannskap på opp mot 560 personar, samt rundt 40 i administrasjonen. Vi vert dermed eit reiarlag på rundt 600 tilsette, seier Myrvoll.
Skipa får NOR-flagg, slik at det i stor grad vert norske tilsette om bord i skipa.
- Det vert ein ny og stor norsk arbeidsplass.

Må ha salsorganisasjon

Myrvoll har sjølv vore med å leie offshorereiarlag.
- I Havila Kystruten har vi dei same oppgåvene som i offshore, men i tillegg skal vi drive med hotelldrift og byggje opp eit stort marknadsapparat.
Han seier at det er fleire spørsmål ein arbeider med å finne svar på, mellom anna om ein skal ha eigne salsteam og agentar.
- I Norge er vi vande med å bestille reiser på nettet. Slik er det ikkje alle stader på kontinentet, så det er muleg vi vil ha eigne salskontor i fleire land.

Samarbeid med Hurtigruten

Han seier at ein også vil samarbeide med Hurtigruten ASA, spesielt rundt distansereisande slik at dei i praksis ikkje skal merke nokon skilnad om det er Havila Kystruten eller Hurtigruten som går ruta.
- Eg har god tru på at vi skal få til eit godt samarbeid med Hurtigruten, seier Myrvoll.
Han kallar satsinga for eit lite eventyr.
- Det er nok mange som enno ikkje er heilt klar over kor stort dette blir.
- Eg er heldig som får lov å vere med på denne storsatsinga, som vil få store lokale ringverknader.
Havila Kystruten er ein del av Havila Holding si satsing på reiseliv, der ein også har eigarskap i tre hotell på Nordvestlandet, hotell og passasjertransport på Færøyane, turisttrafikk med ‘The Fjords’, turistferjer via Fjord1 og flytransport i Widerøe.
Det vert ein ny og stor norsk arbeidsplass

Publisert: 04.09.2018 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25