Desse reiarane tener enno godt med pengar
GJERDSVIKA: Framleis gode tal for Bjørg og Ivar Slettevoll med reiarlaget Sanco. Her framfor hovudkontoret i Gjerdsvika.
Nytt

Desse reiarane tener enno godt med pengar

Ikkje har dei obligasjonslån og ikkje har dei andre kreditorar hengande over seg. Sanco-reiarlaget i Gjerdsvika leverer framleis gode tal.

03.08.2016
- Ja, vi gjer det vel betre enn dei fleste andre selskapa i offshore, men vi merkar også dei tøffare tidene.
- Dette året vert i alle fall tøft, og det er vanskeleg å sjå lyspunkt framover i tid også.
Det seier dagleg leiar Ivar Slettevoll i seismikkselskapet Sanco.

Lukrativ inntening

Selskapet sat att med eit resultat før skatt på 58,5 millionar kroner i 2015, ned frå 158,7 millionar året før. Då var Sanco av dei mest lukrative offshorereiarlaga i landet.
Gjelda er på 1,1 milliardar kroner og eigenkapitalen på 557 millionar kroner.
- Vi føler at vi har bra kontroll over situasjonen. Vi skal klare nokre dårlege år, seier Slettevoll.
Eigarane tek ikkje ut utbyte i år, trass det solide overskotet.

Reduserer avdragstakten

Slettevoll opplyser at selskapet har forhandla seg fram til betre vilkår med bankane.
- Vi er heldige som har få bankar å forhalde oss til, og vi har avtale om å betale reduserte avdrag ein periode.
- Renter betalar vi derimot fullt ut.
Selskapet har sju skip fordelt på reine seismikkskip og støttefartøy for seismikk. I slutten av fjoråret vart støttefartøyet lagt Sanco Sky lagd i opplag på Moltu.
- Der ligg båten enno. Vi ser på ulike alternativ, men vi har ikkje noko i boks enno, seier Slettevoll.

Les her:


Sanco Sword i opplag

Resten av skipa gir inntekter, sjølv om PGS nyleg la seismikkskipet Sanco Sword i opplag i Farsund.
- Vi har ikkje høyrt anna enn at PGS vil halde fram med å betale det som er avtalt, seier Slettevoll.
PGS overtok drifta av Sanco Sword og søsterskipet Sanco Swift rett før Dolphin Group gjekk konkurs. Sanco hadde opphaveleg langtidskontrakt for dei Kleven-bygda skipa med Dolphin.
I staden fekk Sanco napp med PGS.
- Dette er var svært viktig for oss, sjølv om vi i fjor tapte pengar på Dolphin-konkursen.

Les her:


Sanco har 12 tilsette på hovedkontoret i Gjerdsvika. I tillegg har ein rundt 150 seglande.

Tener på management

Managementet på skipa vert handtert av dotterselskapet Sanco Shipping. Dette selskapet hadde ei omsetning i 2015 på 20,2 millionar, og eit resultat før skatt på 4,8 millionar.
Ivar Slettevoll er saman med kona Bjørg og broren Bjarte hovudaksjonærar i Sanco. Totalt har dei 66,74 prosent av aksjane.
Ein annan bror, Hallvard Slettevoll, eig saman med familien 7,91 gjennom selskapet In Motion.

Vi skal klare nokre dårlege år

Publisert: 03.08.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59