Desse grafane viser optimismen paa Vestlandet
AUKA OPTIMISME: Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest (innfelt) er nøgd med at også bedrifter som ikkje er knytt til olje- og gass er meir positivt på framtida. Grafane viser største optimisme i Rogaland, og deretter følgjer Hordaland, Sogn og Fjordane og nedst Møre og Romsdal. 
Nytt

Desse grafane viser optimismen på Vestlandet

Men det er store skilnader mellom fylka. 

08.03.2019
NPK: Det er optimisme i næringslivet i alle fylka på Vestlandet, viser den såkalla Vestlandsindeksen. Temperaturmålinga er gjort av Sparebanken Vest og varslar betre tider.
– Me kan venta oss ein høgare veksttakt i vestlandsøkonomien det neste halve året, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest i ei pressemelding.
Ho peikar på at det også bedrifter utan omsetning knytt til olje- og gassrelatert verksemd har høgare forventning til å investera.
som er laga av Respons Analyse for Sparebanken Vest. Undersøkingar er gjort blant 700 bedriftsleiarar i dei fire vestlandsfylka. Svara fortel om økonomiske resultat og forventingar bedriftene har.

Optimisme i Rogaland

Forventningsindeksen går opp i alle fylka, men er særleg positiv for Rogaland. Bedriftene her har gjennomgåande dei beste økonomiske resultata.
Hordaland følgjer nabofylket i sør oppover indeksen, og bedriftene her har stabile resultat det siste året. Det er særleg forventingar om betra lønnsemd, etterspurnad og sysselsetting som bidrar til den auka optimismen, skriv Sparebanken Vest i rapporten.
Etter nokre dårlege målingar er optimismen også tilbake hjå bedriftsleiarar i Sogn og Fjordane.
– Over tid har me sett at indeksane for trivselsfylket nok i større grad er påverka av sesongmessige variasjonar med sommarturismen blant dei mest sentrale næringane, enn det som er tilfelle for dei andre Vestlandsfylka, seier Fresvik.

Verre i Møre og Romsdal

Næringslivet i Møre og Romsdal i snitt har mykje dårlegare resultat, skriv . Leiar Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal meiner indeksen ikkje forklarer endringane som har skjedd i fylket.
– Næringslivet i fylket har vore gjennom ei veldig omstilling. Ei større omstilling enn det ein har sett lenger sør på Vestlandet, seier Ytreberg til avisa.

Publisert: 08.03.2019 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32