Denne roboten skal levere brev og pakkar heim
ARENDAL: Denne roboten skal køyre rundt og levere brev og pakker til nordmenn. 
Nytt

Denne roboten skal levere brev og pakkar heim

Posten har nettopp fått sin første brev- og pakkerobot. Seinare i haust skal den i sving med å køyre ut brev og pakker til folk i Kongsberg.

14.08.2018
NPK-NTB: Roboten er den første av sitt slag, og tanken er at den nesten kan erstatte postkassa. Planen er at den skal køyre ut frå Postens lager på eiga hand på kvelden, og at folk får varsel om at det er post på veg mot deira nærområde. Dermed kan dei sjølve velje når og kvar dei vil hente den ut.
Det aller første eksemplaret av roboten kom til Noreg frå USA for tre dagar sidan, og tysdag vart den vist fram under Arendalsveka med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til stades. Statsråden fekk æra av å ta imot det aller første brevet frå maskina.
– Roboten som bokstaveleg talt står her, skal no få installert mykje norsk teknologi, slik at den kan testast for postlevering på Kongsberg i haust, stod det i brevet, som Postens konsernsjef Tone Wille hadde underteikna.
Ho slår fast at sjølvkøyrande postkasser ikkje er framtidsvisjonar, men verkelegheit.
Brev- og pakkeroboten er utvikla i samarbeid med selskapet Buddy Mobility, som held til i California, men som har norsk gründer.

Publisert: 14.08.2018 14:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25