Denne konferansen skal vere i A Alesund
ÅLESUND: Fleire lurer på kvifor ikkje Future Talk-konferansen ikkje er i Oslo. - Heilt uaktuelt, fastslår Oddbjørn Hatløy i Norwegian Rooms.
Nytt

- Denne konferansen skal vere i Ålesund

Interessa for Future Talk-konferansen slår alle forventningar, og fleire vil ha konferansen i Oslo. Det er heilt uaktuelt.

15.02.2018
- Nei, det er her vi høyrer heime, og her vi skal vere.
Det seier dagleg leiar Oddbjørn Hatløy i Norwegian Rooms.
Heile 240 er påmelde årets konferanse. Arrangørane håpte på 150.
- Rundt 30 av desse 240 har tatt flyet frå Oslo. Dette er i høgste grad ein nasjonal konferanse, sjølv om hovudtyngda er frå Nordvestlandet.

Nye modellar

Konferansen foregår i NMK-bygget i Ålesund. Så stor var interessa at ein måtte flytte konferansen til det store auditoriet.
- Utruleg gledeleg, men så har vi også eit knallsterkt program, seier Hatløy.
Han er spesielt glad for at mange som har drive med merkevarebygging i lang tid no kjem for å oppdatere seg på nye trendar.
- Utviklinga skjer fort, det kjem nye forretningsmodellar og digitaliseringa fører til heilt nye mulegheiter, seier Hatløy.

Amazon

Norwegian Rooms arrangerer konferansen i samarbeid med Next Digital. Temaet for konferansen er ‘Move your brand’.
- Det er nettopp dette vi prøvar å få til. Vi må heile tida utvikle oss for å vere best.
Eitt av hovudtrekkplastera er Andrea Muttoni frå Amazon, men her er også ei rekkje nasjonale og lokale aktørar som skal i elden.
Les her:

Publisert: 15.02.2018 12:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18