Den Trondhjemske postvei under lupa
POSTVEG: Deler av den Trondhjemske postvei går over Ørskogfjellet.
Nytt

Den Trondhjemske postvei under lupa

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vurdera tilstanden til Den Trondhjemske postvei.

26.06.2019
NPK: – Sist vegen var kartlagt var i 1993–1995, så no er det på tide med ei ny vurdering.- Det største målet med kartlegginga er å på sikt å få postvegen inn under Nasjonal transportplan, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Vegen var den første hovudvegen mellom Bergen og Trondheim, og er det lengste kulturminnet i fylket. Den går stykkevis og delt frå Stranda i sør til Gjemnes i nord, og det står framleis mykje arbeid igjen før vegen kan brukast og formidlast på ein god måte, opplyser fylkeskommunen.
Arbeidet med postvegen er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen, Region Midt og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Publisert: 26.06.2019 14:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36