Demonstrasjonane spreier seg
PROTEST: Vindkraftdemonstrantar på Haramsøya torsdag. 
Nytt

Demonstrasjonane spreier seg

Vindkraftdemonstrasjonar fleire stader i landet. Politiet gir opp for i dag å få fjerna demonstrantane på Haramsøya.

04.06.2020
NPK-NTB-NETT NO: Politiet har bede vindkraftmotstandarar på Øyfjellet i Nordland og Haramsøya på Sunnmøre fjerne seg. Ved Buheia i Agder har demonstrantane følgt oppmodinga.
skriv torsdag ettermiddag at innsatsleiar Lars Lundemo i Politiet opplyser at det ikkje blir nokon vidare aksjon frå politiet si side torsdag. Politiet vil ta ein prat til med aktivistane før dei dreg frå staden.

Nekta å ta imot dokument

Nordre skriv at Politiet har oprøvd å gi eit dokument til Hans Petter Thue, som har parkert bilen sin på vegen som tilhøyrer hans eigedom, men han nektar å ta i mot. Dokumentet skal innehalde løyve for utbyggar Zephyr til å køyre opp anleggsmaskiner på vegen.
– Politiet kom uten dokumentasjon slik dei lova meg på TV igår. Eg aksepterte ikkje å ta imot, skriv Thue på Facebook, melder Nordre.

Fire politibilar

Avisa opplyser at det står no sju bilar opp langs vegen som hindrar anleggsmaskinene i å kome seg fram. Om lag 70 aktivistar er på plass, og der verkar som dei belagar seg på å vere ei god stund.
Det er fire politibilar med om lag 10 politifolk som står ved starten på fjellvegen på Haram. To politifolk har vore å forhandla med aktivistar litt lengre oppe i vegen som stenger vegen.

Mosjøen

Aksjonistar sperra onsdag ein anleggsveg på Øyfjellet ved Mosjøen for å protestere mot bygginga av eit vindkraftanlegg. Politiet melder torsdag om framleis dialog og samtaler med både representantar frå demonstrantane og utbyggjaren.
– Politiet har i dette sambandet informert om at neste tiltaket til politiet, dersom demonstrasjonen framleis held seg i området, vil vere å gi pålegg til kvar enkelt demonstrant om å fjerne seg frå staden, opplyser politiet i ei pressemelding.
melde rett før klokka halv tolv at demonstrantane har fått 30 minutt på å flytte seg.

Kvinesdal

Ved Buheia vindpark i Kvinesdal i Agder etterkom 20 demonstrantar oppmodinga om å fjerne seg, og det førte ikkje til konfliktar, ifølgje politiet.
– Det var ikkje nødvendig med meldingar eller andre reaksjonar frå politiet, opplyser operasjonssentralen på .

Publisert: 04.06.2020 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58