Delar av nedbemanninga sett paa pause
ULSTEINVIK: Finansminister Siv Jensen møtte hovudtillitsvalte og leiinga ved Ulsteinvik-avdelinga til Kongsberg Maritime måndag. 
Nytt

Delar av nedbemanninga sett på pause

Kontraktar i kjømda, ny leiing og alternativ bruk av tilsette gjer at prosessen med å redusere arbeidsstokken i Kongsberg Maritime tek lengre tid.

Marius Rosbach
19.11.2019
Etter at Kongsberg Maritime tok over eigarskapen i det tidlegare Rolls-Royce Marine, har det vore jobba med å redusere bemanninga på enkelte område.

Konsernet er no den største arbeidsgivaren i Møre og Romsdal med kring 1500 tilsette ved avdelingane i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva.
Men i haust gjekk Kongsberg ut med at dei truleg vil redusere med , og at avdelingane for skipsdesign og dekksmaskineri vil bli hardast råka.

Håpar å vere i mål før jul

Ved avdelingane for skipsdesign i Ålesund og Hjørungavåg håper dei å ha avslutta prosessen før jul, medan det for dekksmaskineri kan ta noe lengre tid.
– No står ting litt på hald og vi ser på kvar det er mogleg å nytte folk som er blitt overflødige i dei ulike avdelingane. Det er også ein stor prosess, fortel hovudtillitsvalt Oddbjørn Myklebust i Negotia til NETT NO.

Tidlegare i haust håpte Kongsberg at det meste skulle vere klart raskt, men kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk bekrefter at prosessen tek noe lengre tid enn fyrst planlagt: – Det er ikkje noe dramatikk i det, seier ho.
Måndag var finansminister Siv Jensen på besøk og ho enn på lenge for utstyrskjempen.

Les meir:



Tiltru til ny leiar på dekksmaskineri

Saman med fem andre tillitsvalte, er Myklebust med i bedriftsutvalet, og såleis har innsikt i prosessen. Fleire kontraktar som er i «kjømda» både for dekksmaskineri og sokalla «motion control», er ei av årsakene til at ein meiner det er lurt ta seg betre tid.
At ein ny leiar med bakgrunn frå Kongsberg Maritime, er tilsett som ny leiar for dekksmaskineri, er ei anna av årsakene. Den nye leiaren er Lisa Edvardsen Haugan.
– Det er ei vi har stor tiltru til, fordi ho lyttar og ser alle moglegheiter. Vi trur ho kan gjere ein god jobb for alle dei tilsette, fortel Myklebust.
Samtidig som den nye leiaren vil ha på plass sine leiarar i organisasjonen, blir det etablert ei arbeidsgruppe med tilsette og tillitsvalte, som skal kome med innspel til vegen vidare for Deck Machinery & Motion Control-verksemda.

Ordførar

:



Vi ser på kvar det er mogleg å nytte folk som er blitt overflødige i dei ulike avdelingane

Publisert: 19.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44