Dei store tek det meste
ÅLESUND: Terje Woldseth i Avento trur at stadig meir av e-handelen vil skje på verdas store marknadsplassar.
Nytt

- Dei store tek det meste

Terje Woldseth i Avento trur stadig fleire vil leggje netthandelen inn under dei store marknadsplassane i verda.

15.02.2018
- I praksis er det elleve store marknadsplassar i verda. Vi ser at stadig fleire vel å vere på ein av desse marknadsplassane.
Ålesund-selskapet Avento har drive med strategisk rådgjeving innan e-handel i lang tid.

- Ikkje langt framme

Under Future Talks-konferansen i Ålesund fastslo Woldseth at Norge ikkje låg langt framme for utvikling av e-handel.
- På dette området er vi ikkje så innovative i Norge. Sverige er mykje lenger framme.
Amazon er den aller største aktøren i verda på e-handel, men så langt har ikkje Amazon satsa på Norden.
- Om ein aktør som Amazon kjem inn, vil det verte tøft for dei andre, sa Woldseth.
Les her:

Eit norsk Amazon

Selskap som Komplett og Elkjøp har uttalt at dei som mål å verte Amazon i Norge.
- Dei er så vidt i gang, og har også sleppt inn nye aktørar.
Woldseth viste til at ein i dag kan logge seg inn på Komplett, og bestille ein drill, men produktet kan likevel vere kjøpt frå Jernia.
- Du kan også bestille ein elsykkel frå Elkjøp, men med liten skrift ser du kanskje at sykkelen er seld av eit selskap som heiter Green Speed.
- Problemet er at du kanskje vil kjøpe frå Elkjøp fordi du stolar på merkevara, men så opplever du at det er heilt andre aktørar som du kjøp produktet frå, sa Woldseth.

Shop in shop

I Kina er det Alibaba som er den store aktøren, med e-handel-selskapet Tmall som har over 500 millionar registrerte brukarar.
Både Amazon og TMall har no utvikla 'shop in shop'-tenester, som gjer at enkelte større merkevareaktørar no kan fremme sine eigne varer på Amazon og TMall, om lag på same måten som dei i dag gjer i eigen regi.
- Mellom anna finn du no Samsung under Amazon, og du finn Nike og Volkswagen under TMall.
Woldseth sa at mange aktørar no vurderer om ein skal utvikle eigen marknadsplass, eller leggje seg inn under dei store aktørane.

Devold rett til kunden

Samstundes ser ein at stadig fleire aktørar også utviklar sal direkte til forbrukar utan å gå gjennom forhandlarnett.
- Mellom anna har Devold no utvikla eit salssystem direkte mot kunden.
- Bakgrunnen er kampen om marginar, der det eksisterande systemet har mange mellomledd med prispåslag som produsenten ikkje ser noko av.

Publisert: 15.02.2018 15:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18