Datasenter blir eit straumsluk
STRAUM: Lefdal Mine Datacenter treng kraft tilsvarane heile Stavanger kommune. 
Nytt

Datasenter blir eit straumsluk

Norske og internasjonale selskap for datalagring har planar som vil krevja elektrisitet tilsvarande ein femdel av Noregs totale straumforbruk.

14.07.2020
NPK: Datasentera kan auka kraftbehovet i landet med 20 prosent, skriv .
– Det har vore ein eksplosiv vekst i talet på kundar som ønsker å knyta seg til straumnettet i Noreg. Det er store prosjekt, og ei blanding av globale og nasjonale aktørar, seier Håkon Borgen, konserndirektør for teknologi og utvikling i Statnett, til NRK.
Andre bedrifter opplever samtidig å vente 5–10 år for å få straumtilkopling på grunn av for lite nettkapasitet i regionen der dei ønsker straum.
Kanalen fortel at Noreg no har eit straumnett som toler 30.000 megawatt. Datalagringsselskap har spurt og søkt Statnett om til saman 3.300 megawatt ekstra, noko som vil krevje 12 prosent større nettkapasitet enn det Noreg har i dag.
Fordi datasentera oftast går for full maskin heile tida, belastar dei straumnettet hardare enn dei fleste andre.
Lefdal Mine Datacenter i Stad er eitt av dei største sentra for datalagring i Noreg. Dei har no fått ein nettkapasitet på 20 megawatt. Så langt har dei kontrakt på 7 megawatt.
Dagleg leiar Jørn Skaane seier at dei på sikt snakkar om behov for 200 megawatt. Det svarer om lag til nettkapasiteten til heile Stavanger kommune med alle bedriftene i byen og over 180 tusen innbyggjarar.

Publisert: 14.07.2020 12:48

Sist oppdatert: 12.06.2022 13:57

Mer om