Dale vil ikkje betale hundrevis av millionar for tomme postbilar
NOK STØTTE: Då Posten i 2016 slutta å levere post på laurdagar, fekk distribusjonsselskapet Kvikkas i oppdrag å dele ut avisene. For dette oppdraget blir selskapet kompensert av staten med 90 millionar kroner i året. Ein tilsvarande kompensasjon er neppe aktuell ein gong til. Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) meiner mediebransjen må forstå at staten ikke kan betale hundrevis av millionar kroner for å dele ut aviser. 
Nytt

Dale vil ikkje betale hundrevis av millionar for «tomme postbilar»

- Det er grenser for kor lenge staten kan betale.

20.09.2018
NPK-NTB: Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) meiner mediebransjen må forstå at staten ikkje kan betale hundrevis av millionar kroner for å dele ut aviser.
– Det er grenser for kor lenge staten kan betale hundrevis av millionar kroner for å køyre tilnærma tomme postbilar over heile landet. Vidare digitalisering er derfor nødvendig, seier Dale til .

Fryktar avisdød

Den norske mediebransjen fryktar avisdød dersom Posten frå 2020 går over til berre å gå med post annankvar dag, slik dei ønsker.
15 prosent av papiravisene i landet blir distribuerte av postboda. Dette er i grisgrendte område der det ikkje finst andre alternativ.

Ifølgje Landslaget for lokalaviser har 60 mediehus over 30 prosent av sitt papiropplag distribuert av Posten. Mediebransjen meiner konsekvensane av forslaget er altfor dårleg greidd ut, og krev at regjeringa set på bremsen. Men det kjem ikkje til å skje, ifølgje statsråden.
– Utgangspunktet for utgreiinga er å analysere dei underliggjande strukturelle utfordringane som ein nedgang i postomdelinga kan medføre. Men vi meiner at konsekvensane er ferdig greidd ut, seier Dale.

Kvikkas-kompensasjon

Då Posten i 2016 slutta å levere post på laurdagar, fekk distribusjonsselskapet Kvikkas i oppdrag å dele ut avisene. For dette oppdraget blir selskapet kompensert av staten med 90 millionar kroner i året. Ein tilsvarande kompensasjon er neppe aktuell ein gong til, skriv Klassekampen.
– Det finst eit grunnleggjande premiss som mediebransjen også må ta inn over seg, nemleg at staten ikkje kan fortsette å styre tilbodet når kundane spør etter stadig mindre papir levert på døra, seier samferdselsministeren.
Overfor NTB understrekar Dale at regjeringa ikkje har klart noko endeleg forslag i saka.
– Vi arbeider med å følgje opp høyringsinnspela, medrekna vurderer vi forslag som sikrar mediemangfaldet og gir folk i heile landet tilgang til aviser, seier han.

Publisert: 20.09.2018 14:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26