Dale vil auke fartsgrensene
FART: Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) foreslår høgare fartsgrenser på fleire vegstrekningar.
Nytt

Dale vil auke fartsgrensene

Deler av E136 i Ålesund får også auka fartsgrense, om samferdsleministeren får det som han vil.

22.08.2019
NPK-NTB-Caroline Ulvin Johansson: Fartsgrensene på fleire strekningar i heile landet bør aukast, meiner samferdselsministeren. Forslag til nye fartsgrenser blir sendt på høyring torsdag.
– Riktige fartsgrenser er vesentleg for å kunne utnytte veginfrastrukturen best mogleg. Den respekten trafikantane har for skilta fartsgrenser, avheng òg av at grensene verkar fornuftige og logiske ut ifrå korleis trafikantane sjølv oppfattar forholda. Derfor vil vi no auke fartsgrensene på fleire strekningar rundt om i heile landet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i ei pressemelding.

Frå september

Endringane kan tre i kraft i september. Dale poengterer at han vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. Det er foreslått å endre fartsgrensa på seks strekningar rundt om i landet.
Fartsgrenseendringane vil bli evaluert etter eitt år og tre år. I evalueringa skal trafikktryggleiken vurderast, og det skal gjerast ei konkret vurdering av om endringa har påverka samfunnsnytten.

Dette er strekningane

* E18 Østfold, Marker kommune: Ei strekning på 0,6 km blir skilta opp frå 70 km/t til 90 km/t, medan ei anna strekning på 1,5 km blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
* E136 Møre og Romsdal, Ålesund kommune: Ei strekning på 4,1 km blir skilta opp frå 70km/t til 80 km/t.
* Riksveg 80 Nordland, Bodø kommune: Ei strekning på 1 km blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
* E18 Vinterbro i Akershus til Østfold grense: Delar av strekninga blir skilta opp frå 70 km/t til 80 km/t.
* E16 Kløfta – Kongsvinger: Strekninga Kløfta – Nybakk blir skilta opp frå 90 km/t til 100 km/t, medan strekninga Slomarka – Kongsvinger blir skilta opp frå 90 km/t til 100 km/t.
* E6 i Gudbrandsdalen, Hundorptunellen og Teigkamptunellen: Det blir skilta opp frå 80 km/t til 90 km/t i tunnelane.

Publisert: 22.08.2019 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38