Dale Krava til vinterskodde vogntog maa skjerpast
TRANSPORT: Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) hadde fredag møte med fleire bedrifter som kjøper godstransporttenester på veg. 
Nytt

Dale: Krava til vinterskodde vogntog må skjerpast

To av tre vogntog som køyrer over grensa, er utanlandskregistrerte. No vil samferdselsministeren skjerpe krava.

22.02.2019
NPK-NTB – Fredrik Moen Gabrielsen: Fredag diskuterte samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) sikkerheit på vegen med ei rekke store bedrifter, blant andre Bama, Tine, Lerøy Seafood og Nova Sea.
Hensikta med møtet var å lytte til og få innspel frå bedrifter som har praktisk erfaring med kjøp av transport, og å høyre om erfaringane deira med dårleg skodde vogntog på norske vintervegar.
Utanlandsk godstransport over norskegrensa har auka jamt dei siste ti åra. I fjor var 69,2 prosent av alle lastebilar som køyrde over grensa, utanlandskregistrert. Men ei rekkje utanlandske vogntog er dårleg skodde for norsk vinterføre, og Dale meiner dette er problematisk.
– I sum så går det rette vegen. Men vi har for mange ulykker og vi har framleis eit arbeid å gjere. Selskapa må la vere å laste vogntoga sine dersom dei ikkje er riktig skodde, og vi er nøydde til å ha eit regelverk som gjer at vi kan sanksjonere effektivt overfor dei som bryt regelverket, seier Dale til NTB.

– Etterlyser strakstiltak

Fredag gjekk Raudt-leiar Bjørnar Moxnes ut med forslag om strakstiltak for å skjerpe regelverket for vogntogtrafikk etter fleire vogntogulykker under dårlege køyreforhold denne vinteren.
– Vi foreslår også mellombels stans for vogntog frå EU i innanlands transport i Noreg, såkalla kabotasje. Dette finst det handlingsrom til i EU-regelverket, så lenge regjeringa er villig til å bruke det. I tillegg må dei som bryt lover og reglar, få bøter som svir. Derfor vil vi ha ein full gjennomgang av straffe- og sanksjonsrammene, seier Moxnes.
– Strakstiltak er vi jo allereie i gang med, så når Raudt etterlyser det, så er dei jo allereie for seine. Vi har skjerpa kontrollane.
- Vi har sett i gang arbeidet for å betre vinterutrustinga med til dømes skjerpte krav til dekk. Vi har også bedt Statens vegvesen om å sanksjonere tydeleg i tråd med regelverket, svarer Dale.
Sidan årsskiftet har Statens vegvesen kontrollert nesten 10.000 vogntog. Det var manglar på 4.439 av dei, og 2.756 fekk køyreforbod, ifølgje

– Pris framfor sikkerheit

Norges Lastebileierforbund og Yrkestrafikksjåførforbundet meiner bedrifter som kjøper transporttenester, tenker for mykje på pris og ikkje nok på sikkerheit.
– På møtet i dag oppfatta eg ei heilt anna haldning. Vi tek dette på alvor og prøver å ta grep for å forsikre oss om at sikkerheita på vegane er best mogleg, seier salssjef Bjørn Olvik i Nova Sea til NTB.
Olvik meiner det i utgangspunktet er bileigar sitt ansvar dersom vogntoga ikkje er riktig skodd.
– Men vi som transportkjøparar må jo sjå til at dei som lastar varene våre, gjer det på ein riktig måte. Og vi har gjennom ei årrekke køyrt ein eigen kontrollkampanje som heiter Trygg Trailer, som rettleier bedriftene i kontrollsjekking. Kampanjen har ført til at mellom 11 og 12.000 trailerar no blir sjekka kvar sesong, seier han.

Auka utanlandsk godstransport

I fjor vart det frakta over 13 millionar tonn gods over grensa med lastebil. Av desse vart 4 millionar tonn frakta med norske lastebilar – ein del på 30,8 prosent, ifølgje
Berre 19 prosent av alt gods som kom inn i landet via veg i fjor, vart frakta med norske lastebilar.
Av all utanlandsk godstransport inn og ut av landa på vegen i fjor, var delen størst av svenskregistrerte vogntog med 24,6 prosent. Etter Sverige følgjer dei baltiske landa og Polen med ein del på høvesvis 12,3 og 10 prosent.
Vi tek dette på alvor og prøver å ta grep for å forsikre oss om at sikkerheita på vegane er best mogleg

Publisert: 22.02.2019 16:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31