Daarleg organisering og leiing paa Helge Ingstad brua
KOMMISJON: Dag S. Liseth, avdelingsdirektør sjøfartsavdelingen, William J. Bertheussen, direktør, Kristian Haugnes, seksjonsleder sjø, Havarikommisjonen presenterer delrapport 1 om kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad og Sola TS på ein pressekonferanse fredag. 
Nytt

– Dårleg organisering og leiing på Helge Ingstad-brua

Havarikommisjonen meiner organiseringa på brua til Helge Ingstad og manglande trafikkovervaking ved Fedje sjøtrafikksentral var årsaker til ulykka i fjor.

08.11.2019
NPK-NTB: – Organisering, leiing og samarbeid på brua var ikkje formålstenleg i tida fram mot kollisjonen, skriv Havarikommisjonen i sin om ulykka som skjedde for nøyaktig eit år sidan.
Han peikar samtidig på at ei rekke andre operative, tekniske, organisatoriske og systemiske faktorar medverka til kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad og Sola TS.
Fregatten KNM Helge Ingstad var på veg sørover etter å ha deltatt i NATO-øvinga Trident Juncture i Trøndelag då den natt til 8. november i fjor kolliderte med Sola TS ved Stureterminalen i Hordaland.
I kollisjonen mellom KNM Helge Ingstad og Sola TS fekk fregatten ei stor flenge i sida som gjorde at han tok inn vatn. Åtte personar om bord på Helge Ingstad vart lettare skadd i ulykka.

Fire hovudfaktorar

Havarikommisjonen peikar på desse faktorane:
* Mannskapet på brua hadde mindre erfaring enn tidlegare, fordi dei hadde vorte klarerte raskare til å jobbe på fregatten. Dette bidrog til at dei for seint oppdaga av Sola TS var eit fartøy på kollisjonskurs, og ikkje eit stasjonært objekt slik dei først trudde.
* Det var vanskeleg for mannskapet på Helge Ingstad å identifisere Sola TS som eit fartøy fordi det var vanskeleg å sjå tankskipet sine navigasjonslanterner og signallampe.
* Kystverket hadde ikkje gjort nok for å sikre tilstrekkeleg trafikkovervaking. Manglande overvaking gjorde dermed at trafikkleiaren ved Fedje sjøtrafikksentral ikkje hadde tilstrekkeleg situasjonsforståing og oversikt over verkeområdet sitt.
* KNM Helge Ingstad hadde skrudd av AIS-sendaren sin, som identifiserer skipet. «Det var en utfordring for sjøsikkerheten at Sjøforsvaret kunne operere med AIS i passiv modus uten kompenserende sikkerhetstiltak i et trafikksystem der de andre aktørene i stor grad forholdt seg til AIS som primær kilde til informasjon», skriv Havarikommisjonen.

Dytta på grunn

Ved hjelp av slepebåtar vart skipet dytta på grunn for å hindre at det sokk. Her vart Helge Ingstad sikra med vaierar. Natt til 13. november rauk likevel fleire vaierar, og etter kort tid låg mesteparten av fregatten, som kosta rundt 4 milliardar kroner, under vatn.
I mars vart marinefartøyet heva, løfta opp på ein lekter og frakta til Sjøforsvarets hovudbase på Haakonsvern. Han vart seinare flytta til Coast Center Base på Ågotnes i vente på kva som skal skje vidare.
I sommar bestemte regjeringa at ho ikkje vil reparere KNM Helge Ingstad. Utrekningar viser at det vil koste 12 til 14 milliardar kroner å reparere fartøyet, medan det vil koste 11 til 13 milliardar kroner å bygge eit nytt, tilsvarande fartøy.

Politiet etterforskar framleis

Politiet held framleis på med etterforskinga si av saka, og har varsla at dei vurderer å gi Forsvaret og Kystverket føretaksstraff. Det er venta at etterforskinga først vil vere ferdig til neste år.
Tre personar har framleis status som mistenkt i saka – lósen på tankskipet Sola, vaktsjefen på KNM Helge Ingstad og operatøren ved trafikksentralen på Fedje.
Havarikommisjonen vil òg komme med den andre delrapporten, som handlar om kva som skjedde etter kollisjonen, på eit seinare tidspunkt.
Samtidig har Sjøforsvaret, Forsvarsmateriell og Stortinget varsla granskingar.

Publisert: 08.11.2019 13:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44