DOF treng friske pengar
NYE PENGAR: Helge Møgster (i midten) i det famileigde investeringsselskapet Laco vil skyte inn 200 millioner kroner i offshorereiarlaget.Til venstre dagleg leiar Egil Magne Haugstad i Pelagia. Til høgre konsernsjef Arne Møgster i Austevoll Seafood. Biletet er frå ei rettsak mellom Pelagia og Nergård-konsernet i 2015, der far og son Møgster var vitne.
Nytt

DOF treng friske pengar

Storaksjonæren Møgsterfamilien vil skyte inn ny eigenkapital i offshorereiarlaget, på vilkår av at långivarane også bidrar til refinansieringa.

08.10.2019
Gjennom selskapet Laco eig Helge Møgster og andre familiemedlemer indirekte litt over i ein tredjepart av aksjane i børsnotert DOF ASA.
DOF har ein flåte på 67 offshorefarty, fordelt på 31 konstruksjonsskip, 20 ankerhandteringsfarty og 16 plattformforsyningskip.
Då selskapet la fra halvårsrapporten for 1. halvår varsla det at det hadde vanskar med å refinansiere lån.
No varslar det at selskapet arbeider med å få til ein omfattande refinansiering av selskapet.

200 millionar

I følgje børsmeldinga vil Laco skyte inn 200 millionar kroner i ny eigenkapital, som ein del av refinansieringa.
Vilkåret er at også bankar og obligasjonslångivarar bidrar.

Ein viktig årsak til at DOF prøver å få til ei refinansiering er ein tøff marknad for det deleigde datterselskapet DOF Subsea.

Håpar på avklaring i år

Går alt som DOF håpar har selskapet fått refinansieringa på plass i fjerde kvartal, men skriv samstundes at det ikkje er råd å gi garantiar for når arbeidet med refinansieringa er klar.
Laco gikk også i 2016 inn med friske pengar for å refinansiere DOF.

I tillegg til å vere stor aksjonær i DOF er Laco og storaksjonær i Lerøy Seafood Group og Austevoll Havfiske.

Publisert: 08.10.2019 13:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41