DOF semje med laangivarar
FORHANDLAR: Obligasjonslångivarar og DOF er samde om eit rammeverk for refinansieringsforhandlingane.
Nytt

DOF-semje med långivarar

DOF og ei stor gruppe obligasjonslångivarar er samde om opplegget for refinansierings-forhandlingane.

21.02.2020
Offshorereiarlaget DOF og datterselskapet DOF Subsea har fått utsett frist for tilbakebetaling av eit obligasjonslån medan forhandlingane om refinansiering pågår.
Det går fram av og frå , som er sendt ut i dag.
Storaksjonæren Møgsterfamilien vil skyte inn ny eigenkapital i offshorereiarlaget, på vilkår av at långivarane også bidrar til refinansieringa. Det varsla DOF i ei børsmelding 8. oktober.

Får tid

På kort sikt er det forfallet til eit obligasjonslån til DOF Subsea som er kritisk. Selskapet foreslo å forlenge tilbakebetalingsfristen frå i dag, 22. oktober, til 8. november.
I dag har ei gruppe obligasjonslångivarar som tilsaman eig over ein tredjepart av lånet varsla at dei vil støtte ein ny frist. Det er semje om rammeverket for refinansieringsforhandlingane som gjer at dei støttar ein utsett frist, i følgje børsmeldinga.
Oppdatering 14:40: Eigarane av over 97 prosent av obligasjonlånet har støtta framlegget om å utsette fristen.
DOF har ein flåte på 67 offshorefarty, fordelt på 31 konstruksjonsskip, 20 ankerhandteringsfarty og 16 plattformforsyningskip.

Publisert: 21.02.2020 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42