DOF ber om ekstra tid
IKKJE I MÅL: Forhandlingane om ei refinansiering av DOF og DOF Subsea kjem ikkje i mål innan den førebels siste fristen, 31. september, skriv selskapa i ei børsmelding. 
Nytt

DOF ber om ekstra tid

Vil ha pustepause til midten av desember.

15.12.2020
Offshorereiarlaget DOF og datterselskapet DOF Subsea ber om at fristen for å innfri lånevilkåra for tre obligasjonslån blir forlenga frå 30. september til 15. desember, og kanskje heilt til 31. januar 2021.
Selskapet kjem ikke i mål med forhandlingane om ei refinansiering innan 30. september, skriv dei i ei børsmelding.

Fire milliard i minus

DOF og DOF Subsea har fått utsett fristen fleire gangar før.
Forhandlingane om ei refinansiering ble ekstra vanskeleg på grunna av priskrigen i oljemarknaden og konsekvensane av koronaepidemien.
I første kvartal i år gjorde kansellerte kontraktar og kundar som ville reforhandle avtalar, saman med forverringa av marknaden på grunn av koronaepidemien, at DOF skreiv ned verdien av flåten med 1,5 milliardar kroner. Det medverka til at resultatet før skatt blei minus 4,2 milliardar kroner.

DOF har ein flåte på 67 skip. Møgsterfamilien på Austevoll er største aksjonær. Dei er og største aksjonær i sjømatselskapet Lerøy Seafood Group.

Publisert: 15.12.2020 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02