Cruise kontrakt til LMG Marine
NY MARKNAD: Skipet LMG Marin designar for Quark Expeditions er det første polarekspedisjons-skipet selskapet har designa.
Nytt

Cruise-kontrakt til LMG Marine

LMG Marin skal designe eit polarekspedisjonskip for Quark Expeditions.

13.06.2018
Skipet skal byggast på verftet Brodosplit i Kroatia. Det blir 128 meter langt og får plass til 200 passasjerar.
Skipet er det første LMG Marin har designa for polare strøk.
Kontrakten er eit viktig gjennombrot i satsinga på større kombinerte laste-/passasjerskip og reine passasjerskip, skriv selskapet i ei pressemelding.
Prisen på oppdraget er ikkje opplyst.
LMG Marin har hovudkontor i Bergen og kontor i Ålesund.
Selskapet er eigd av Singaporeselskapet Sembcorp Marine, som kjøpte det for 160 millionar kroner i 2016.

LMG Marin har dei siste åra markert seg med framlegg til korleis flytebruer kan gjere det råd å køyrer ferjefritt frå Stavanger til Trondheim, men er også eit innarbeid skips- og offshoreinstallasjon-designselskap.

Publisert: 13.06.2018 07:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23