Cruise kan sikre djupvasskai
SLIK KAN DET BLI: Gjøsundet i Giske skal mellom anna mudrast ut (indre del), lysegrå felt skal fyllast ut og planerast. Grøne blokker illustrerer moglege nybygg i området. Når alt er ferdig har området stor fiskerihamn, 200 meter djupvasskai for tunge løft og mogleg cruisetrafikk, infrastruktur for fiskeflåten og anna næringsverksemd. Dagens spolebase blir verande.
Nytt

Cruise kan sikre djupvasskai

Berre fiskeri- og offshoretrafikk gjer ikkje djupvasskai ved Gjøsund på Vigra lønsam. Cruiseturismen kan bli løysinga.

20.03.2019
Ved Gjøsund i Giske kommune er det planar om ei større utbygging som mellom anna omfattar ei 200 meter langt djupvasskai på Vigra-sida av sundet.

Ålesundsregionens Havnevesen har berekna at kaia vil koste 54 millionar kroner og vil svært gjerne bygge, men slit med å forsvare investeringa.
- Inntektspotensialet er for lavt, seier Havnefogd Ole Christian Fiskaa.

To avslag

To gangar har Ålesundregionens Havnevesen søkt om statleg støtte til å bygge ut kaia. Begge søknadane er avslått. Planen er å gjer nok eit forsøk, men ser havnevesenet etter alternativet inntektskjelder som gjer det råd å bygge ut også om det blir nei for tredje gang.
Då kan cruise vere løysinga.
- Vi ser at det er mogleg å kunne utnytte ei næring i vekst for å underbygge ei investering som er rett og viktig for lokalt næringsliv, seier Fiskaa.

Sentrum for næringslivet

I fjor haust blei selskapet Gjøsund Utvikling as skipa for å samordne interessen til grunneigarane på begge sider av Gjøsund og planlegge og utvikle det som mellom anna kan bli sentrum for fiskeriselskapa i kommunen.
Aksjonærarane er blant andre åtte fiskebåtreiarlag, fleire andre bedrifter og kommunen.
Når inititativtakarane bak Gjøsund Utvikling sine mål kan området om nokre år ha fått viktig felles infrastruktur for fiskerinæringa, som kaier, fryselager, verkstad og administrasjonsbygg - og ei djupvasskai.

Trangt om plassen

Det er populariteten til Ålesund som cruisetrafikk-mål som er bakgrunnen for at Gjøsund i Giske kan bli cruisekai.
I Ålesund blir det tidvis trangt om plassen, og det opnar opp for avlastingskaier, etter Fiskaa si vurdering. Han ser også på om det er råd å etablere Gjøsund som ei såkalla snu-hamn, eit start- og avslutningspunkt for cruiseturar der passasjerane reiser til og frå cruiset via flyplassen på Vigra.
For mindre skip, frå 800 passasjerar og nedover, meiner Fiskaa flyplassen på Vigra har kapasitet til å handtere flytrafikken som vil følgje med om Gjøsund blir etablert som snu-hamn.

Buss og båt

Skal Gjøsund kunne brukast som cruisekai må passasjerane som vil på land fraktast vidare med buss, og/eller båt, til dømes til Alnes på Godøya eller Ålesund.
I Ålesund er det for trangt om plassen for alle cruiseskipa som vil besøke byen. Så langt i år har Ålesundregionens Havnevesen (ÅHR) avvist over 20 skip, skreiv Fiskaa:
"For 2019, så har ÅRH allerede avvist mer enn 20 cruiseskip, som har anmodet om å få anløpe Ålesund. Dette med bakgrunn i at vi ikke har kapasitet. De avviste skipene for 2019, så langt, utgjør et tapt omsetningspotensiale på mer enn 30 millioner kroner for sunnmørsk næringsliv, i tillegg til at det i betydelig grad ville kunne bidratt til å finansiere havneinfrastruktur."

Vi ser at det er mogleg å kunne utnytte ei næring i vekst for å underbygge ei investering som er rett og viktig for lokalt næringsliv

Publisert: 20.03.2019 16:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32