Comeback som nybil butikk
DELING: Geir Eilertsen i det nye bilverkstadbygget i Dragsund, der hans firma G Eilertsen og Sporstøl Bilverksted har kvar si avdeling.
Nytt

Comeback som nybil-butikk

Bilhallen i Ulsteinvik har inngått avtale med Toyota Sunnmøre, og reetablert nybilsal i Ulsteinvik.

08.07.2020
Bilhallen i Ulsteinvik blei etablert som ein bruktbilbutikk i 2016, etter at Brages-konsernet hadde avvikla Toyotaforhandlaren i Ulsteinvik og satsa på å dekkje marknaden på ytre Søre Sunnmøre frå datterselskapet Toyota Sunnmøre.
Med den avviklinga vart Ulstein Bil einaste nybilforhandlar i Ulsteinvik, men no er det blitt to igjen. I år har Bilhallen Ulsteinvik byrja å selje nye Toyota-bilar på provisjon for Toyota Sunnmøre. Formelt er det Toyota Sunnmøre som er seljar, men kundane som kjem innom butikken i Ulsteinvik får ordna heile handelen der.

Treng volum

Bilhallen Ulsteinvik gjekk med eit lite underskot i fjor, slik selskapet har gjort sidan det blei etablert. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
Geir Eilertsen i Eilertsen Invest, som eig Bilhallen Ulsteinvik, seier nøkkelen til lønsemd er å få opp salet.

Samla verkstadsbedrifter

Eilertsen driv og bilverkstadar. Gjennom G Eilertsen eig Eilertsen Invest ein verkstad i Hareid og ein i Ulsteinvik sentrum. Begge dei verkstadane driv vedlikehald og reparasjon, medan skadeoppretting blir gjort i avdelinga i Dragsund. Tilsaman er det 35 tilsette på verkstadane og i bilforretninga.
Avdelinga i Dragsund opna i 2017. Bygget der er eigd av tre partar, der to av eigarane av bygget, G Eilertsen og Sporstøl Bilverksted, har kvar si verkstadavdeling i bygget. Også eit tredje bilverkstadfirma er med på eigarsida, men har slått saman verkstadverksemda sin med G Eilertsen.
Eit felles bygg er ein modell Eilertsen er svært nøgd med.

- Erfaringa er veldig bra. Det er ikkje tvil om at det vi har gjort har vore rett, seier Eilertsen.

Publisert: 08.07.2020 09:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59