Color Hybrid er aarets skip
ULSTEINVIK: Color Hybrid ligg no til kai ved Ulstein verft og skal snart ut på første prøvetur. 
Nytt

Color Hybrid er årets skip

Den Ulstein Verft-bygde hybridferja vart kåra til Ship of the Year.

04.06.2019
Vinnaren vart annonsert ved 11.45-tida tysdag under opninga av Nor-Shipping.
Saka blir oppdatert.
Color Hybrid får prisen i konkurranse med Sølvtrans sin Havyard-bygde brønnbåt Ronja Storm og Kleven-bygde Roald Amundsen for Hurtigruten.
Det er Skipsrevyen som kårar Ship of the Year, og inviterer lesarane til å gi sine stemmer.
Redaktør Gustav Erik Blaalid seier at det aldri før har vore så stort engasjement rundt prisen. Tusenvis har vore med å røyste.
Blaalid er sjølv juryleiar. I juryen sit også Harald Solberg, administrerende direktør i Norges Rederiforbund, og Lars Gørvell-Dahll, bransjeansvarleg for maritim næring i Norsk Industri (NHO).
Color Hybrid er verdas største plug-in hybridferje med plass til 2.000 passasjerar og 430-500 bilar.
Den 160 meter lange ferja er no under utrustning ved Ulstein Verft, og skal kunne gå 30 minutt på batteri til og frå Sandefjord på ruta Sandefjord-Strømstad.
Jomfruturen går frå Sandefjord 26. juli.
Les meir om skipet i sakene under:





Publisert: 04.06.2019 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35