Byggjer tankbaat i Tyrkia
TYRKIA: Bunker Oil byggjer tankbåt ved Akdeniz skipsverft i Tyrkia. Båten er 46 meter lang og ti meter brei.
Nytt

Byggjer tankbåt i Tyrkia

Bunker Oil sjekka prisen hos norske verft, men valde å byggje sin nye tankbåt i Tyrkia.

10.07.2017
- Ja, det viste seg at det vart så pass mykje billegare å byggje i Tyrkia, at vi til slutt valde den løysinga.
Det seier dagleg leiar Jan Magnus Kleven ved i Ålesund.

Kystbunker 2

Båten er 46 meter lang og ti meter brei, og skal erstatte dagens Kystbunker, som trafikkerer langs kysten frå Ålesund og nordover og forsyner dei små tankanlegga.
- Dagens båt er 20 år gamal, og er snart moden for pensjonering. Difor valde vi å satse på ny båt, seier Kleven.
Nyebåten får namnet Kystbunker 2.
- Meir oppfinnsomme er vi ikkje, seier Kleven.

Valutasmell

Bygginga skjer ved ved Adana i sydaust-Tyrkia, like ved grensa til Syria. Her er det bygt to tilsvarande skip før.
- Den ein av desse er levert til Sverige, med godt resultat, seier Kleven.
Lasteevna på båten er på 750 kubikkmeter.
Båten får eit mannskap på åtte, fordelt på to skift på fire som går fire veker på og fire veker av.
Nyebåten skulle etter planen leverast i juli. No er det snakk om september.
- Dette er Tyrkia, med ramadan og ein del andre utfordringar. Men no ser det bra ut, sjølv om valutautviklinga har vore negativ for oss. Likevel får vi ein rimeleg båt.

Pressa marginar

Bunker Oil omsette for vel 3,3 milliardar kroner i fjor, og sat att med eit resultat før skatt på 56,9 millionar kroner.
- Så pass bør det vere, men det er pressa marginar i denne bransjen, seier Kleven.
Selskapet har fire større tankanlegg med eigne tilsette i Ålesund, Tromsø, Hammerfest og Båtsfjord, og i tillegg ei rekkje mindre anlegg.

65 bensinstasjonar

Siste åra har selskapet også satsa stadig meir på landsida, mellom anna med ei rekkje bensinstasjonar.
Kleven seier at det er mange som ber om at selskapet opprettar bensinstasjonar.
- Dette er som regel folk ute i distrikta, og så langt har vi rundt 65 stasjonar.
- Utfordringa er å få nok lønsemd på denne satsinga.
Derimot har planane om bygging av eit nytt tankanlegg i Kristiansund stoppa opp.
- Ja, her har kommunen førebels sett stopp.

Nytt regelverk

Kleven opplyser at ein får store kostnader framover med oppgradering av tankanlegga.
- Frå 2019 kjem eit nytt regeleverk, som seier at alle stasjonar skal ha eigne oppsamlingsarrangement. Dette vil påføre oss store ekstra utgifter.
Han ser likevel positivt på framtida.
- Ja, det ser bra ut både på land- og sjøsida, og målet framover er vidare vekst.
Bunker Oil hadde ved siste årsskifte 37 tilsette, derav ni kvinner.
Selskapet er heileigd av Jan Magnus Kleven gjennom selskapet Bunker Oil Holding.
Dette er Tyrkia, med ramadan og ein del andre utfordringar

Publisert: 10.07.2017 12:47

Sist oppdatert: 22.07.2021 14:31

Mer om