Byggjer nytt hotell i Torshavn
FÆRØYANE: Frå før eig Per Sævik og Havila Holding Hotel Hafnia i Tórshavn. No vert det satsa på endå eit hotell.
Nytt

Byggjer nytt hotell i Tórshavn

Per Sævik og Havila Holding satsar på nytt hotell i Tórshavn på Færøyane.

21.06.2018
- Vi har som ambisjon på å verte ein stor aktør innanfor turisme og reiseliv.
- Dette vil dokke sjå meir av etter kvart, sa Per Sævik under Fosnavågkonferansen.

Konsolidering

Selskapet er tungt inne i Widerøe, The Fjords og ikkje minst Havila Kystruten.
Havila Holding har også nyleg tilsett Gunther Dahler som ny reiselivsdirektør.
Sævik letta litt på sløret om framtidsplanane.
- Slik verda ser ut, skal ein ikkje verte overraska over om det skjer konsolidering litt fram i tid, sa Sævik.

Starta på Færøyane

Frå før eig Havila-systemet Raftevold Hotel, Hotel Ivar Aasen og halvparten av Thon Hotels Fosnavaag.
Men reiselivssatsinga starta på Færøyane i 2004, då Sævik-familien saman med lokale partnerarar overtok Hotel Hafnia i sentrum av Tórshavn.
Hotellet har gjennomgått ei betydeleg oppgradering, parallelt med at auken av turistar til Færøyane har auke kraftig.

Smyril Line

No vert det satsa på eit heilt nytt hotell.
- Men rett etter at vi bestemte oss for å satse, har også selskapet Atlantic Airlines bestemt seg for å byggje nytt hotell.
- Vi får sjå om det vert mange billege hotellrom i Tórshavn etter kvart.
Utbygginga skjer i regi av Smyril Line, der Havila Holding saman med færiske partnerar eig 60 prosent av passasjer- og bilferja Norrøna, som går mellom Danmark, Færøyane og Island.
Sævik opplyste at trafikken har vore så stor, ikkje minst med kontainerfrakt av laks frå Bakkafrost, at Smyril Line i tillegg har sett inn to cargoskip, der ett går mellom Færøyane og Rotterdam.

Publisert: 21.06.2018 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23