Byggjer hotell for 30 millionar
REISELIVSSATSING: Kjell Magne og Stig Ervik eig og driv konsernet Ervik Havfiske Holding, som er pott og panne i Stadsamfunnet. No går dei også inn i reiselivsbransjen.
Nytt

Byggjer hotell for 30 millionar

Fiskebåtreiarane Stig og Kjell Magne Ervik byggjer hotell i Leikanger på Stadlandet.

07.08.2017
Til saman er det snakk om ei investering på rundt 30 millionar kroner, seier Stig Ervik.
Saman med tremenningen Kjell Magne eig og driv han Ervikgruppa, som omfattar 15 fiskefarty - medrekna to under bygging. Konsernet har nesten 200 tilsette, og har hovudkontor like ved Leikanger på Stadlandet.

No rustar dei opp og gjenopnar restaurant- og selskapslokalet Furebuda - og byggjer 12 hotellrom i tillegg. I neste omgang er planen å utvide med ytterlegare 18 rom.
Bygginga er i gang, dagleg leiar tilsett og opning planlagt i haust.

Utløyst av brann

Der er brannen på Selje Hotel som utløyste hotellsatsinga, i følgje Ervik.
Fiskerikonsernet treng eit overnattingstilbod til kundar, leverandørar og folk som har oppdrag for selskapet. Då Selje Hotell brann ned i fjor haust vart brått Måløy det næraste hotelltilbodet, og det blei for tungvint.
Men hotellet skal også vere retta mot turisme, og vil samarbeide med lokale bedrifter om aktivitetstilbod - som til dømes surfing, seier Ervik.
Han meiner veksten i reiselivsbransjen viser at det er rett tidspunkt å satse på reiseliv no.

Godt år

2016 blei eit svært bra år for Ervik Havfiske Holding, med eit overskot før skatt på 161 millionar kroner av driftsinntekter på 529 millionar (sjå tabell).
Hovudsårsaka til det gode resultater er høge prisar på patagonsk tannfisk, som reiarlaget fiskar med tre båtar i Sørishavet, kombinerte med gunstig dollarkurs. I tillegg kom effekten av stigande prisar på kvitfisk (som torsk, sei, lang og hyse) som reiarlaget fiskar i Noreg.
- Det ser bra ut i år også, seier Ervik. Han ventar likevel ikkje like god lønsemd, fordi dollarkursen utvikla seg i ugunstig retning i år. Det reduserte inntektene og auka kostnadane i fisket etter patagonsk tannfisk.

Vil halde på båtane

I februar kjem to fiskebåtar reiarlaget har under bygging i arbeid. Dei skal inn i fisket i Sørishavet, og utvidar flåten der til fem.
I Noreg har reiarlaget ti båtar, og det talet vil selskapet halde på. Større kystfiskebåtar har fått høve til å samle større kvotar på færre båtar, men selskapet vil halde på dei båtane dei har og heller kjøpe ekstra kvotar, i følgje Ervik.
Blir det høve til å samle større kvotar på færre båtar også for havgåande linefarty kan det blir aktuelt å omrokere fordelinga av kvotane internt i flåten, og eventuelt å kjøpe ekstra kvotar også der.

Publisert: 07.08.2017 15:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12