Byggjer for tre milliardar
FIRE SKIP: Tildeling av delkontrakt på Kystrute-sambandet betyr at Havila Kystruten skal bygge fire skip, for rundt tre milliardar kroner.
Nytt

Byggjer for tre milliardar

Per Sævik og Havila Kystruten skal byggje fire passasjerskip etter at selskapet vann delkontrakten om å trafikkere Kystruten frå Bergen til Kirkenes.

23.03.2018
Dette er klart etter at Samferdselsdepartementet i dag kunngjorde at Hurtigruten skal drive sju av dei elleve rutene som må til for å dekkje heile Kystrute-strekninga, medan Havila Kystruten skal dekkje dei øvrige fire rutene.
- Eg håpar flagga går til topps i Fosnavågen, sa samferdselsminister Ketil Solvik Olsen då han kunngjorde tildelinga i dag.

I praksis betyr det at Sævik og familien må byggje fire skip, som skal vere klare til 1. januar 2021. Kostnaden er på rundt tre milliardar kroner, og er av dei største satsingane i Sævik-familiens historie.
Skipa skal byggjast delvis i Norge, delvis i utlandet.

Konkurranse for første gang

Dette er også første gongen at Hurtigruten får konkurranse på strekninga, og Havila Kystruten vann fram med eit konsept med fire 125 meter lange og 20 meter breie skip med plass til om lag 700 passasjerar i kvar.
Skipa skal gå på LNG, i tillegg til å ha store batteripakkar, slik at ein mellom anna kan gå inn Geirangerfjorden på batteri.

Base på Mjølstadneset

Kontrakten fører til at Havila no skal byggje opp ein organisasjon for å drive skipa. Denne organisasjonen skal ha base på Mjølstaneset i Herøy.
Det er Havila Management som vil få ansvaret for dei rundt 300 tilsette på dei fire skipa.
Det er Havyard Group som har designa skipa, der det har vorte lagt vekt på å stette strenge klima- og miljøkrav som skal sikre at CO2-utsleppa frå skipa blir betydeleg lavare enn i dag.
I tillegg er det krav at skipa skal vere tilrettelagde for landstraum og nytte landstraum der det er tilgjengeleg i hamn, samt at tungolje ikkje kan nyttast som drivstoff.
Kystruten mellom Bergen og Kirkenes omfattar 34 hamner.
Kravet til aktørane er at ein skal ha daglege, heilårlege og gjennomgåande seglingar mellom alle hamnene.
Den nye avtalen gjeld frå 1.1.2021 til 31.12.2030, med gjensidig opsjon på eitt år.
Anbudet omfatter også klima- og miljøkrav som skal sikre at CO2-utsleppa frå skipa blir betydeleg lavare enn i dag.
Havila Kystruten er eit heileigd selskap av Havila Holding, som eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, utgivarselskapet bak NETT NO.

Publisert: 23.03.2018 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19