Bygde om Ramoen fabrikk
OMBYGD I JULEFERIEN: Fabrikktrålaren Ramoen har fått utvida filetsorteringsanlegg og ein ny fileteterinsmaskin.
Nytt

Bygde om Ramoen-fabrikk

Fabrikktrålaren Ramoen er ute i fiske etter tre vekers ombygging av fabrikken.

19.01.2021
Då Ramoen uansett skulle ligge ved kai i desember nytta reiarlaget Ramoen as høvet til ei større ombygging av fabrikken.
PE Bjørdal i Ørsta sette inn ei ekstra filetsorteringsmaskin som doblar sorteringskapasiteten. Auka sorteringskapasitet fjerna ein flaksehals i produksjonen, slik at fartøyet kan fiske i eit større tempo, ifølgje driftsjef Nils Ove Giskegjerde.
Samstundes med at sorteringskapasiteten vart auka, fekk reiarlaget også skifta ut ei av tre filetmaskiner og fekk installert automatisk artsortering ved hjelp av kamerateknologi.
- Dette er ein veldig viktig kontrakt i ettermarknaden for oss, seier sals- og marknadsføringsleiar Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal.
Det fysiske arbeidet tok tre veker, og Ramoen er ute i fiske igjen.

Stort fråfall

Ramoen var ein av tre fabrikktrålarar att i Noreg då reiarlaget i 2014 bestemte seg for å bygge nytt, og at nye Ramoen også skulle vere fabrikktrålar.

Det store fråfallet i fabrikktrålarflåten kom i 2011. Då tinga norske fiskerbåtreiarar 11 trålarar ved norske og utanlandske verft. Reknestykket den gongen gjekk i favør av å heller byggje frysetrålarar, der fisken berre blir sløyd og hovudkappa, før den blir frosen ombord og sendt på land for vidare bearbeiding.
Oppdraget med å levere filetfabrikken ombord gjorde at Bjørdal Industri søkte etter fleire folk.

340 millionar kroner

Prislappen på Ramoen var 340 millionar kroner. Den vart tatt i bruk i 2016 og har mannskap på omlag 60 personar, fordel på to skift.
I 2019 hadde reiarlaget Ramoen as 192,5 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 46,4 millionar kroner.

Fiskebåtreiarlaget Eros er største eigar i Ramoen as (65 prosent), og familieselskapa til Knut og Atle Vartdal eig resten, fordelt på fleire aksjonærar. Per Magne Eggesbø er største eigar i Eros.

Publisert: 19.01.2021 09:04

Sist oppdatert: 17.06.2021 13:14