Bustyraren til Kleven maandag
UT: Tomislav Debeljak er ute av Kleven Verft etter konkursen. Bustyrar arbeider for å få til vidare drift.
Nytt

Bustyraren til Kleven måndag

Mandag samlar bustyrar Bjørn Åge Hamre nøkkelpersonar ved Kleven Verft for å finne ei løysing som kan sikre framleis drift ved verftet.

06.07.2020
Hamre har med seg to kollegaer frå Simonsen Vogt Wiik i Bergen når han kjem til Kleven Verft om formiddagen i morgon. To andre kollegaer arbeider med konkursen frå kontoret i Bergen, og i følgje Hamre blir det truleg fleire frå firmaet som skal arbeid med konkursen.
På verftet vil dei ta med seg nøkkelpersonar i eit lag som har vidare drift som hovudmål.
Hamre blei oppnemd til bustyrar fredag, same dag som styret i Kleven melde oppbod.

Jobba i helga

Hamre byrja arbeidet straks han fekk oppdraget, og har arbeidd med konkursen i helga.

- Vi skal jobbe gjennom helga med to kontrakter i arbeid, som er viktig på finne ei løysing på fordi det er viktig for å sikre eventuell vidare drift og kreditorane sine interesser, sa Hamre til NETT NO fredag.

Rask prosess

Fredag 26. juni vart det kjent at bankane hadde sett foten ned for Kleven fordi dei meiner den kroatiske eigaren Div Group ikkje oppfylte lånevilkåra.
Førre veke var Div Group-sjef Tomislav Debeljak i Ulsteinvik og arbeidde for å sikre at Div Group framleis kunne eige Kleven Verft. Det lukkast ikkje, og om formiddagen fredag 4. juli vart dei tilsette varsla om at styret i Kleven Verft melder oppbod.

Publisert: 06.07.2020 08:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59