Buss streiken rammar heile landet
PARKERT: Unibuss sine bussar står framleis parkert på Ulven i Oslo. No er buss-streiken landsomfattande.
Nytt

Buss-streiken rammar heile landet

Førebels få konsekvensar på Nordvestlandet.

28.09.2020
NPK-NTB: Over 8.000 bussjåførar er tekne ut i streik rundt om i landet. Måndag morgon er det framleis ingen kontakt mellom arbeidstakarsida og arbeidsgivarsida.
Over ei veke etter at bussjåførar i Oslo og Viken gjekk ut i streik, er det enno ingen samtalar på gang. Det opplyser kommunikasjonssjef i Yrkestrafikkforbundet Tormund Hansen Skinnarmo til NTB.
– Ikkje noko nytt, ingen kontakt, skriv han i ein SMS.
I helga vart streiken trappa opp, og ytterlegare 4.500 bussjåførar slutta seg til dei 3.800 sjåførane som allereie hadde lagt ned arbeidet.
Totalt er dermed rundt 8.500 sjåførar med i streiken, som starta søndag 20. september då det vart brot i meklinga mellom NHO Transport og Spekter på arbeidsgivarsida, og Yrkestrafikkforbundet, Fellesforbundet, Jernbaneforbundet og Fagforbundet på arbeidstakarsida.

Står fast på tilbod

Administrerande direktør Jon H. Stordrange i NHO Transport stadfestar òg overfor NTB at det ikkje er etablert nokon kontakt.
– Arbeidsgivarsida står fast på tilbodet sitt, som gir ein lønnsvekst på same nivå som andre yrkesgrupper har fått i årets oppgjer, seier han.
Store delar av kollektivtrafikken er no lamma som følgje av brotet i lønnsoppgjeret. Laurdag morgon vart bussjåførane i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark teke ut i streik.

Bekymra sjukehusleiing

På Nordvestlandet er det ikkje dei store konsekvensane førebels. Nokre sjåførar som køyrer for Boreal er tatt ut i streik, som gjer at ruter stoppar opp i Hustadvika, Eide, Midsund og Aukra. Også enkelte andre strekningar er råka, ifølgje ei Møre og Romsdal fylkeskommune.
Bergen er ein av byane som er ramma av opptrappinga til streiken – noko som bekymrar leiinga ved Haukeland universitetssjukehus.
– Vi er sjølvsagt bekymra for kombinasjonen av covid-19 og smitte – og manglande busstransport i området vårt, seier administrerande direktør Eivind Hansen til .
Bergen kommune har nyleg vore utsett for eit smitteutbrot og har innført fleire smitteverntiltak.
Sjukehusleiinga oppmodar no tilsette og pasientar til å gå eller sykle viss dei kan.

Publisert: 28.09.2020 11:35

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:06