Buss samarbeid for Hexagon
SKAPER MARKNAD: Saman med samarbeidspartnarar satsar Hexagon Compositets på å utvikle bruk at hydrogen som drivstoff i bussar i Europa. Biletet er frå ein presentasjon av kvartalsrapporten til selskapet. Til venstre i bakgrunnen, administrerande direktør Jon Erik Engeset. I forgrunnen storaksjonær Knut Flakk.
Nytt

Buss-samarbeid for Hexagon

Hexagon Composites går i partnarskap om å levere 1000 hydrogendrivne bussar til europiske byar.

03.06.2019
Dei 600 første bussane skal leverast innan 2023. Buss-samarbeidet vil gi Hexagon Composites sin hittil største leveranse til hydrogenbuss-marknaden.
Hexagon Composites sine to forretningsområde, Agility Fuel Solutions og Hexagon Purus, skal lever hydrogenlagrings- og drivstoffsystem til bussprodusenta og i tillegg vil tilby distribusjonsløsninger med høy lagringskapasitet, i følgje børsmeldinga.

Artikkelen blir oppdatert

Hydrogen-partnarar

"H2Bus Consortium", som partnarskapet heiter, har fem partnarar i tillegg til Hexagon Composites; Everfuel, Wrightbus, Ballard Power Systems, Nel Hydrogen og Ryse Hydrogen. Alle partnarane er involvert i utviklinga av bruken av hydrogen som drivstoff.
H2Bus Consortium skal få bygd og levere både bussar og infrastruktur - som mellom anna fyllestasjonar.

El-motorar

Hydrogen kan framstillast gjennom elektrolyse der vatn blir spalta i hydrogen og oksygen. (Stikk eit par ladekablar kobla til eit bilbatteri i ei bøtte med vatn så får du prosessen).
I ei brenselcelle blir prosessen reversert og det blir produsert elektrisitet som mellom anna kan drive elmotorar i bussar, med vatn som avfallsstoff.
Hexagon har satsa tungt på at denne teknologien skal slå gjennom i både bussar, lastebilar, skip og personbilar, og dagens avtale er eit steg på vegen mot målet.

EU-støtte

Første del av samarbeidet, levering av i alt 600 bussar innan 2023, er støtta av EU med 40 millionar Euro, cirka 390 millionar kroner.
Bussane skal fordelast likt mellom Danmark, Latvia og Storbritannia.

Publisert: 03.06.2019 10:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35