Bur seg paa refinansiering
VÅREN 2019: "Rem Hrist" og "Rem Mist" er utleid til Statoil til våren 2019. 
Nytt

Bur seg på refinansiering

Remøy Group har resultat dei fleste offshorereiarlag berre kan drøyme om, men bur seg på refinansiering.

10.08.2017
- Før eller seinare blir vi innhenta av virklegheita vi også, seier administrerande direktør Karsten Sævik i Remøy Group.
Gode, langsiktige kontrakter er årsaka til at Remøy Group gjekk om lag i balanse i fjor (sjå tabell).
Konsernet tok i fjor nedskrivingar på seismikkskipet "Ocean Odyssey", som ligg i opplag.

Utan den nedskriving ville konsernet hatt eit god resultat i fjor, seier Sævik.
Til saman er verdien av skipet skrive ned med i underkant av 40 millionar kroner.

Bur seg på tøffare tider

Det er kva som skjer etter at dagens kontrakter går ut som er årsaka til at selskapet bur seg på ei refinansiering. Selskapet må bu seg på at nedturen i offshormarknaden kan bli langvarig.
- Vi vil ikkje stå att på perrongen, seier Sævik.
I tillegg til "Ocean Odyssey" har Remøy Group seismikkserviceskipet "Geco Scorpio" som er utleigd til Western Geco ut året. I første omgang er det spørsmålet om Western Geco vil nytte opsjonen til å leige skipet vidare som er mest interresant.
Plattformforsyningsskipa "Rem Hrist" og "Rem Mist" er utleigd til Statoil til våren 2019, medan "Rem Eir" er utleigd til Statoil til slutten av 2018.
Selskapet har og eit kystvaktskip som er utleigd til starten av 2026.
I april 2016 selde selskapet det 20 år gamle plattformforsyningsskipet "Rem Stadt" til indiske Tag Offshore, etter at det hadde segla i spotmarknaden i Nordsjøen.

Utbytte på 20 millionar

Selskapet har vedtok eit utbytte på 20 millionar kroner etter 2016. Det er knytt til investeringar i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions og seismikkskipet Neptune Naiad.
Skipet vart tatt ut av opplag tidlegare i år og lagt inn i det nystarta Axxis Geo Solutions, der Remøy Group-eigarane er med som medeigarar.

Remøy Group er eigd av Line Remøy Strømsvik, Helene Remøy, Sissel Oterhals Remøy og Joakim Remøy.
Før eller seinare blir vi innhenta av virklegheita vi også

Publisert: 10.08.2017 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12