Bur seg paa langvarig opplag
I OPPLAG: Island Constructor blir lagt i opplag på ubestemt tid. Storparten ombord blir permitterte. 
Nytt

Bur seg på langvarig opplag

Island Offshore har lagt sin sjuande båt i opplag, og bur seg på at det kan bli langvarig.

10.12.2015
Island Constructor er de tredje av dei store brønnintervensjonsfartya til Island Offshore i Ulsteinvik - og det sjuande skipet i heile flåten - som reiarlaget legg i opplag.
Brønnintervensjonsfarty blir bruk til vedlikehald og utbetring av oljebrønnar.
Island Constructor blir lagt i såkalla varmt opplag, med ei lita bemanning som gjer at skipet kan ta på seg nye oppdrag på kort varsel. Frå før er også brønnintervensjonsfartya Island Wellserver og Island Frontier i varmt opplag.

I vinteropplag

I utgangspunktet er skipa lagt i opplag over vinteren, som er ein typisk lågsesong for slike farty. Men Island Offshore tek høgde for at vintersesongen kan bli lang.
Dersom eit skip blir teke ut i opplag i mindre ennn tolv veker kan mannskapet på det skipet permitterast. Skal permitteringperioden blir lenger må reiarlaget permittere frå alle skipa, og i utgangspunktet etter ansiennitet.
- Med den marknadssituasjonen som er no er horisonten for vår del utover tolv veker, og vi har difor valt å permittere alle tilsette på dei tre innretningane våre under eitt, seier kommunikasjonssjef Marianne Hovden i Island Offshore i ein epost.

151 permitterte

Pr. i dag har Island Offshore 151 permitterert.
- Dette talet vil auke framover, seier Hovden.
Grunnen til auken er at Island Constructor kjem rett frå oppdrag, og mange av dei tilsette framleis har arbeid på skipet før dei går ut i permisjon.


Utan oppdrag

Medan Island Frontier og Island Wellserver har fast kontrakt på 200 dagar for Statoil, og skal i arbeid igjen frå 1. april 2016, er det ingen avtale for Island Constructor.
- Vi jobbar kontinuerleg med å sikre lengre og kortare kontrakter, så håpet er å få den i arbeid igjen på nyåret ein gong.

Tre i kaldt opplag

I tillegg til dei tre brønnintervensjonsfartya er også Island Spirit lagt i opplag med høve til å ta nye oppdrag på kort varsel. Island Spirit er eit farty for undervassoperasjonar med ROV-farty (fjerstyrte ubemanna ubåtar).
Tre skip ligg i kaldt opplag. Dei tek lengre tid å sette i trafikk, men til gjengjeld er opplagskostnadane lågare. Det er plattformforsyningskipa Island Dawn, Island Express og Island Duke.
Plattformforsyningskipet Island Commander, , har nettopp fått jobb i ein til tre månadar i Nordsjøen, og drog frå hamn laurdag i førre veke.



Med den marknadssituasjonen som er no er horisonten for vår del utover tolv veker, og vi har difor valt å permittere alle tilsette på dei tre innretningane våre under eitt

Publisert: 10.12.2015 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51