Bur seg paa bruktbiltap
KANSELLERT: Audi og Volkswagenforhandlar Møller Bil Ålesund har kansellerte bilar i bestilling frå bilfabrikkane og rettar merksemda mot sal frå lager under koronakrisa. Dagleg leiar Knut Arve Sæter bur seg også på tap i bruktmarknaden.
Nytt

Bur seg på bruktbiltap

Møller Bil Ålesund har sett av 27,5 millionar kroner til moglege tap på bruktbilar, men ei framleis svak krone kan gi brukbilmarknaden eit løft.

22.05.2020
Det er først i 2021 og 2022 at Møller Bil Ålesund-sjef Knut Arve Sæter får sjå om "avsetning tap gjenkjøp"-posten på 27,5 millionar kroner i 2019-reknskapen og på 10,7 millionar kroner i 2018-reknskapen viser seg å bli reelle tap.
I 2021 og 2022 kjem kundar som har leasa bilar Sæter fryktar å tape på i bruktbilmarknaden attende med bilane sine. Ein leasingavtale er ei form for leigeavtale, der kunden leiger i ei avgrensa periode. Tidlegare var det først og fremst bedrifter som inngjekk leasingavtalar, men etterkvart vart det populært også i privatmarknaden.
Ein faktor som avgjer om avtalane blir lønsame for bilforhandlarane er utviklinga i bruktbilprisen. Ei negativ endring i brukbilmarknaden, sett frå forhandlarane si side, etter at leasingavtalene er inngått kan velte heile reknestykket, og det er det Møller Bil Ålesund har tatt høgde for.

Elbil og valuta skiplar marknaden

- Veldig fokus på elbil. Det går ut over ladbar hydbrid, seier Sæter om kva som er grunnen til at selskapet vel å ta store tapsavsetningar.
Han trur det spesielt er brukte ladbare brukbilar som får det største prisfallet.
Men dei siste månadane har valutakursutviklinga drege i motsett lei. Ei svak krone har blitt svakare, og dermed har bilar og andre importvarer blitt dyrare. Det har allereie slått ut i auka pris på nye bilar.
Trass avgiftslette på elbilar er nye elbilar ikkje lenger like billege, og det kan gjere brukte bilar meir attraktive.

Sal frå lager

Utan tapsavsetningane hadde Møller Bil Ålesund gått i pluss i fjor.
Selskapet auka driftsinntektene (sjå tabell) og selde fleire bilar. 738 nye og 859 brukte i 2019, mot 626 nye og 742 brukte i 2018.
Etter at koronaepidemien og tiltaka mot den kom har bilsalet falle. Terje Løvmo, leiar for Sunnmøre Bilbransjeforening, anslo tidleg i mai ei halvering inngåtte avtalar om sal av nye bilar under koronakrisa.

Salssvikten merkar og Møller Bil Ålesund, medan etterspørselen etter verkstadtenester førebels ikkje er påverka i same grad. Selskapet skriv i si årsmelding at ledige bilar i bestilling er kansellert og at selskapet har retta merksemda mot sal av bilar frå lager.

Publisert: 22.05.2020 17:00

Sist oppdatert: 22.06.2021 09:08