Bunkers selskap bak arrest
ARREST: Juvel ligg i arrest i Danmark etter krav frå Scandinavian Bunkering. 
Nytt

Bunkers-selskap bak arrest

Det er bunkersselskapet Scandinavian Bunkering i Tønsberg som står bak arresten av krilltrålaren Juvel.

29.09.2016
Krillfangs-selskapet Emerald Fisheries, som eig Juvel, skuldar Scandinavian Bunkering 4.058.971 kroner i følgje kjennelsen av 15. september av Retten i Hjørring i Danmark. Det går ikkje fram av kjennelsen om beløpet er i norske eller danske kroner.
Skipet blei tatt i arrest 15. i september i år.

Emerald Fisheries er eigd av Rimfrost. Rimfrost er eigd av Olympic Holding, med Stig Remøy som hovudaksjonær.

Gjeldsforhandlingar

Før skipet blei tatt i arrest hadde Skatt Midt-Noreg kravd konkurs i Emerald Fisheries på grunn av eit utbetalt momskrav på 13,3 millionar kroner.
Behandlinga av konkurskravet vart utsett to gongar, før kravet vart lagt på vent inntil vidare, etter at det vart opna offentlege gjeldsforhandlingar i Emerald Fisheries 20. september. Opning av gjeldsforhandlingar betyr at Emerald Fisheries er verna mot konkurskrav i tre månader framover.

Strid om patent

Det er eit søksmål frå Aker Biomarine om brot på Aker Biomarine sine patentrettar som har utløyst betalingsvanskane i følgje Emerald Fisheries.
Emerald Fisheries sine problem var der frå før, svarar Aker Biomarine.

Emerald Fisheries og eigarselskapet Rimfrost meiner det ikkje er grunnlag for å gi Aker Biomarine patentrettane selskapet har fått, og kjem til å krevje at patentet blir reeksaminert. Det betyr at vurderinga av patentet skal gjerast på nytt, parallellt med at søksmålet frå Aker Biomarine - som byggjer på patentrettane - går sin gang i det amerikanske rettsvesenet.

Publisert: 29.09.2016 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01