Brunvoll hankar inn kontraktar
SIGHTSEEING: Brim Explorer er under bygging hos Maritime Partner og vil under sightseeing køyre i fullt batteri/elektromode som gjev stillegåande og miljøvenleg drift.
Nytt

Brunvoll hankar inn kontraktar

Brunvoll skal levere plug-in hybridsystem til sightseeingbåten Brim Explorer, samt stor utstyrspakke til Hordalaks sin nye brønnbåt.

18.10.2018
Den siste kontrakten er inngått med Fitjar Mekaniske Verksted, og dreier seg om levering av komplett framdrift, manøvrering og kontrollsystem til ein brønnbåt til det nystarta reiarlaget Hordalaks.
Systemleveransen består av gir- og propellanlegg med dyse, tunnelthrustarar og komplett kontrollsystem, opplyser Brunvoll i ei pressemelding.

Klargjort for batteripakke

Framdriftsanlegget er diesel-elektrisk, drive av to elektriske motorar forsynt av generatorsettet i fartøyet.
Brunvoll opplyser at anlegget er tilpassa for installasjon av batteripakke som vil gi fartøyet eit hybrid kraftsystem.
Leveransane frå Brunvoll skal skje i tredje kvartal neste år.

Banebrytande katamaran

I tillegg har Brunvoll-selskapet Brunvoll Mar-El i Dalen i Telemark fått kontrakt på levering av eit komplett plug-in hybridsystem for den nye sightseeingbåten Brim Explorer.
Denne banebrytande katamaranen er under bygging ved Maritime Partner i Ålesund. Designet er det Einar Hareide, opphavleg frå Hareid, som står bak.
Brunvoll opplyser i pressemeldinga at Brunvoll’s Triton Hybrid-pakke er ein komplett elektro- og batteripakke med styresystem for framdrift og manøvrering.

Stillegåande drift

Båten vil under sightseeing i Lofoten og i fjordane i Troms køyre i fullt batteri/elektromode som gjev stillegåande og miljøvenleg drift.
Brunvoll viser til at med dette konseptet bidreg selskapet til å muleggjere den reine naturopplevinga sightseeingbåten skal gje til passasjerane, og heilt i tråd med satsinga på miljøvenleg og berekraftig turisme langs kysten av Norge.
Bjønn Tveito, dagleg leiar i Brunvoll Mar-El AS, seier i ein kommentar at det er selskapet sin høge kompetanse innan hybrid elektrodrift som no gjer det mogleg å ta på seg større leveranseomfang og stå som systemintegrator for prosjekt som Brim Explorer, og den tidlegare annonserte kontrakta til Norled.
Han opplyser at det er stor interesse og fokus i marknaden på miljøvenlege og optimaliserte framdriftssystem innan alle skipssegment.
- Banebrytande reiarlag tenkjer nytt og tek i bruk batteri og hybridanlegg for første gong for sine båttypar, seier han.

Publisert: 18.10.2018 19:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25