Brunstad tilbake i pluss
KOSTNADKONTROLL: Stram kostnadskontroll var med på å løfte møbelprodusenten Brunstad attende i pluss. No treng selskapet ein god haust for å sikre overskot også i år. 
Nytt

Brunstad tilbake i pluss

Møbelprodusenten Brunstad i Sykkylven snudde underskot til overskot i 2017.

22.06.2018
Effektiviseringa av drifta og stram kostnadsstyring er oppskrifta bak at selskapet fekk pluss-resultat i 2017, skriv Brunstad i årsmeldinga.
Frå 2015 til 2016 fall driftsinntektene frå 147,5 til 130,5 millionar kroner.

I fjor bremsa fallet nesten opp, men stoppa ikkje heilt (sjå tabell).

Stram marknad

Selskapet ventar framleis ein stram marknad, men skriv i årsmeldinga av det er "godt rigga til å møte desse utfordringane".
Selskapet sysselsette 84,5 årsverk ved utløpet av 2017.
Gjennom selskapet Hadi Invest eig Brunstadfamilien både fabrikken i Sykkylven og eit søsterselskap i Estland, Violante Mööbel Ou.

Nedtur i 2018

Så langt i år har salet ikkje gått som Brunstad hadde håpa på.
"Litt svakare start enn fjoråret", sier dagleg leiar Ronny Bjøringsøy om starten på 2018, men seier selskapet treng ein god haust for å gå i pluss i år.
- Vi treng ein god haust for å hente oss inn att, seier Bjøringsøy.

Avventande marknad

Det ein generelt avventande møblemarknad som gjer at det så langt er nedgang i salet, ikkje forhold som er knytt til Brunstad spesielt, slik Bjøringsøy ser det.
Han meiner det er må vere fleire faktorar som til saman trekkjer møbelsalet ned, og seier bransjen har vanskar med å peike ut årsakene til nedgangen.
Brunstad er på plass hos alle dei tre største møbelkjedene, Bohus, Møbelringen og Skeidar. Søsteselskapet Violante Mööbel Ou sel sine møblar gjennom Fagmøblerkjeden.

Publisert: 22.06.2018 12:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23