Brukt byggisolasjon og isopor blir nye arbeidsplassar
VILLE BIDRA: Vartdal Plast-eigarane Sindre (t.v.) og Jan Endre Vartdal fortel at resirkuleringsverksemda starta med eit ønske om å ta ansvar. – Om ein tek fram kalkulatoren først, får ein ikkje gjort noko, seier Jan Endre.
Nytt

Brukt byggisolasjon og isopor blir nye arbeidsplassar

Ved ein tidlegare møbelfabrikk på Liadal startar Vartdal Plast opp resirkulering av fiskekasser, byggisolasjon og emballasje. 

Marius Rosbach
04.03.2020
I løpet av eit par månader startar Vartdal Plast ei ny avdeling ved Liadal, nokre kilometer sør for Vartdalstranda, der hovudkontoret er plassert.
Ein tanke om å utnytte returtransport for å samle inn EPS (ekspanderbar polystyren, journ. anm.) frå avfallsmottak danna grunnlaget for ei ny resirkuleringsteneste. I staden for at plastprodukta deira og andre sine, blir søppel, skal dei bli til nye fiskekasser og eller byggisolasjonselement ved Ørsta-bedrifta.
– Vi trur blir lønnsamt, men det starta med eit ønske om å ta ansvar. Om ein tek fram kalkulatoren først, får ein ikkje gjort noko, seier administrerande direktør Jan Endre Vartdal til NETT NO.

Gir jobb til minst to-tre personar

Bedrifta investerer i eit anlegg som skal komprimere EPS – som gjerne omtalast som isopor. Dei satsar på å vere i gong frå midten av mai.

– Når vi er oppe og går snakkar vi om to-tre arbeidsplassar. Om vi også skal sette opp ein ekstruder for å lage polystyren-råstoff, noko vi håpar å kunne gjere i løpet av nokre år, snakker vi om seks til åtte arbeidsplassar, seier Vartdal.
Tanken om å gjere forretningar på det som har vore eit avfallsproblem, har vore . No har brikkene falle på plass, og snart flyttar dei inn i .

Vil vise at det er mogleg

I staden for å snakke om alt ein kan gjere noko med, meiner Vartdal Plast-sjefen det er viktig å starte med det ein kan ta tak i.
–Litt av tanken er også også å kunne ha eit døme som viser at det er mogleg. Alle er samde om at innsamling og sortering er ei utfordring, men no må vi slutte å prate, seier han.
Han har trua på at små pilotprosjekt kan gi erfaring, slik at ein ser kva som fungerer.
– Då trur eg ein raskt kjem i ein slik situasjon vi gjorde - der vi «såg lyset», og at gode miljøtiltak også kan vere lønnsamt, fortel han.

Les meir:


Synspunkt:


Samlar frå Trondheim til Bergen

Vartdal-bedrifta meiner noko av det avgjerande for å lukkast, blir å få samla inn mest mogleg av EPS-en frå industrien, som bygg- og anlegg. Kassene som blir nytta til fiskeindustrien er det i stor grad kontroll på, meiner Vartdal.

Difor har bedrifta gått ut til alle 32 miljøstasjonane mellom Bergen og Trondheim og sagt at dei vil hente inn all EPS-en gratis. Det innsamlingsarbeidet er allereie i gong.
– Målet vårt er å resirkulere EPS-en tilbake til nytt råstoff, som vidare blir til eit 100 prosent resirkulert produkt. Då kan vi gå til entreprenørane og gi dei valet mellom det, eller eit 100 prosent fossilt produkt, seier han.
Vartdal-direktøren håpar at historia deira kan inspirere andre næringslivsaktørar til å ta ansvar, og trur konkurrentar kan bli pressa til å fokusere på meir miljøvennlege produkt.

– Haldningsendring

I dag har dei fleste byggeplassar konteinarar der mellom anna polystyrenkapp hamnar saman med anna avfall. Det leverast til avfallsanlegg der dei betalar 40 kroner per kubikk for å levere – pluss transport og konteinarutgifter.
– EPS er ein ressurs som er enkel og resirkulere og skal difor ikkje kastast som restavfall. I fellesskap må vi må få til ei haldningsendring som gjer at husholdningar og bedrifter sorterer EPS. Gjer dei det, så tek vi oss av den vidare. Den høyrer korkje heime i naturen eller sjøen. Får du den haldningsendringa, så vil prosjektet lykkast, og vere starten på noko større, trur han.

NHO Møre og Romsdal:


Kan bli sjølvhjelpte med råstoff

Bedrifta har fått støtte frå Avfallsforsk (Handelens Miljøfond) og samarbeida med miljøstiftinga Zero i arbeidet. Vartdal peiker på at støtte frå styresmaktene og andre er viktig for å få snøballen til å rulle.

– Vår drøym er at vi kan betale Ørsta Reinhaldsverk, eller andre avfallsmottak, ein sum for kvar kubikk. Det kan kanskje gi entreprenørane insentiv til å samle enno meir, seier han.
Om heile næringskjeda bidrar til denne innsamlinga og volumet blir stort nok, trur han dei også kan starte produksjon av eige råstoff.
– Slik kan kvart land – også Noreg – vere sjølvhjelpte med råstoff til plastindustrien, og her kan det offentlege bidra med å tenke verkeleg store tankar, meiner han.
Vartdal trur vi i framtida vil ha berre rest- og matavfall, som blir sortert på eigne anlegg. I tilknyting til eit slikt anlegg, ser han føre seg at ein kan drive med ekstrudering – altså å gjere om plast og metall – til ny råvare.

Les også:



Målet vårt er å resirkulere EPS-en tilbake til nytt råstoff, som vidare blir til eit 100 prosent resirkulert produkt

Publisert: 04.03.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53