Herøy-selskapet har i to veker hatt PSV-en Rem Fortune i arbeid for Marine Harvest. Arbeidet har gått ut på å frakte ferskvatn til ein av Sølvtrans sine brønnbåtar.
Brønnbåten har vore leigd inn for å fjerne lakselus ved eit oppdrettsanlegg i Bessåker i Nord-Trøndelag.
- Rem Fortune tek rundt 1600 kubikkmeter med ferskvatn. Vatnet har vi pumpa om bord i brønnbåten, før vi har gått for å hente ei ny forsyning med ferskvatn.
- For oss har dette vore ein enkel jobb å utføre, seier Remøy.
Arbeidet er no avslutta.
- Vi håpte på meir, men slik vart det ikkje denne gongen.
- Dette oppdraget kan verte kort, kanskje berre ei veke, seier Remøy.
Han åtvarar mot å tru at dette er oppdrag som vil hjelpe mykje på den vanskelege situasjonen mange offshorereiarlag i dag opplever, med mange skip i opplag og permitteringar og oppseiingar av mannskap.
- Betalinga har ikkje vore god, men det er med på å halde båtane i sving og folket i arbeid.
- Men no går det også mot vinter, og då trur vi at det vert langt mellom slike oppdrag. Mest aktuelt er det nok sommartida, seier Remøy.
- På denne måten kan vi ha brønnbåten liggjande fast ved oppdrettsanlegget, i staden for å måtte gå fram og tilbake for å hente ferskvatn.
Han seier at lusebehandlinga normalt tek rundt åtte timar.
- Vi har laksen om bord i brønnbåten, der han sym rundt i ferskvatn. Det meste av lakselusa forsvinn ved denne ferskvassbehandlinga, og lusa vert deretter filtrert frå vatnet.
Bakgrunnen er ei forventning om at kampen mot lakselusa vil fortsette. Ei rekkje oppdrettarar har fått beskjed om å slakte ned laks, medan mange andre har fått beskjed om å redusere produksjonen på grunn av for mykje lakselus.
Det siste gjeld også ei rekkje anlegg på Nordvestlandet.
Brønnbåten har vore leigd inn for å fjerne lakselus ved eit oppdrettsanlegg i Bessåker i Nord-Trøndelag.
- Rem Fortune tek rundt 1600 kubikkmeter med ferskvatn. Vatnet har vi pumpa om bord i brønnbåten, før vi har gått for å hente ei ny forsyning med ferskvatn.
- For oss har dette vore ein enkel jobb å utføre, seier Remøy.
Arbeidet er no avslutta.
- Vi håpte på meir, men slik vart det ikkje denne gongen.
Til Irland
Eit anna Rem-fartøy, Rem Fortress, er no på veg til Irland for å hjelpe til med den same operasjonen ved eit anlegg der.- Dette oppdraget kan verte kort, kanskje berre ei veke, seier Remøy.
Han åtvarar mot å tru at dette er oppdrag som vil hjelpe mykje på den vanskelege situasjonen mange offshorereiarlag i dag opplever, med mange skip i opplag og permitteringar og oppseiingar av mannskap.
- Betalinga har ikkje vore god, men det er med på å halde båtane i sving og folket i arbeid.
- Men no går det også mot vinter, og då trur vi at det vert langt mellom slike oppdrag. Mest aktuelt er det nok sommartida, seier Remøy.
- Ein stor fordel
Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk seier at det er ein stor fordel å få ferskvatnet tilført med eksterne båtar.- På denne måten kan vi ha brønnbåten liggjande fast ved oppdrettsanlegget, i staden for å måtte gå fram og tilbake for å hente ferskvatn.
Han seier at lusebehandlinga normalt tek rundt åtte timar.
- Vi har laksen om bord i brønnbåten, der han sym rundt i ferskvatn. Det meste av lakselusa forsvinn ved denne ferskvassbehandlinga, og lusa vert deretter filtrert frå vatnet.
Ombygging
NETT NO kjenner til at fleire reiarar no vurderer å få bygt om PSV-ar for å brukast i kampen mot lakselusa. Verft skal vere kontakta om mulege ombyggingsoppdrag.Bakgrunnen er ei forventning om at kampen mot lakselusa vil fortsette. Ei rekkje oppdrettarar har fått beskjed om å slakte ned laks, medan mange andre har fått beskjed om å redusere produksjonen på grunn av for mykje lakselus.
Det siste gjeld også ei rekkje anlegg på Nordvestlandet.
Vi håpte på meir, men slik vart det ikkje denne gongen
Publisert: 25.11.2015 13:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50