Brimer over kneika
FLEIRE BEIN: Brimer har fått betre fotfeste innan oppdrettsnæringa, fiskeri og industri. Etter minusåret i 2016 er selskapet attende i pluss og administrerande direktør Håvard Haanes ventar ytterlegare betring i lønsemda også i år. 
Nytt

Brimer over kneika

Ventar 10-15 prosent i vekst i år.

18.05.2018
- Brimer har lagt bak seg eit par tøffe år i 2015 og 2016, seier administrerande direktør Håvard Haanes.
Starten på 2017 blei heller ikkje så bra, men i løpet av våren og sommaren i fjor lysna det. 2017 enda med vekst og overskot (sjå tabell). I år spår han ein vekst i driftsinntektene på 10-15 prosent og ein enda større vekst i lønsemda.

Inn i oppdrett

Brimer lagar tankar i glasfiber. Produksjonen foregår på Kvamsøya i Sande kommune. Hovudproduktet er store tankar til vassanlegg, men selskapet har dei siste åra også satsa på å utvikle tankar til bruk i landbasert oppdrett.
Det har lukkast, og sal til oppdrettsbransjen står i dag for omlag av 25 prosent av inntektene. Utviklingsarbeidet kosta meir enn Brimer hadde venta, men investeringane er no gjort og selskapet er i ferd med å hauste fruktene av arbeidet, ifølgje Haanes.
Det tredje beinet å stå på for selskapet er tankar til industri generelt og for fiskeindustrien spesielt. Det blei skilt ut som eit eige forretningområde frå årskiftet.

Fleire folk

Brimer har auka både administrasjonen og produksjonen dei siste to åra for å handtere ein planlagt vekst. Til saman er det snakk om 10-12 nye stillingar og selskapet sysselset i dag cirka 50 årsverk.
Midtvest Fondene gjekk saman med Spilka International og satsa 12 millionar kroner på å kome inn på eigarsida i mai 2015. Dei to nye medeigarane fekk en eigarandel på 54 prosent fordelt med 32,5 prosent på Midtvest og 21,7 prosent på Spilka International. Resten av aksjane er eigd 46 prosent av Brimer Holding, og der Jarle Støylen er hovedaksjonær.

Publisert: 18.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22