Brim vil bygge fleire skip
VEKSTPLANAR: Kontrakt på båt nummer to hos Maritime Partner for Brim Holding kan snart vere eit faktum, seier Espen Larsen-Hakkebo i Brim Holding. 
Nytt

Brim vil bygge fleire skip

I løpet av fem år vil Brim Holding ha minst fire batteridrivne sightseiingsfarty på sjøen.

08.11.2018
Neste sommar set Brim Holding den første sightseeingsbåten industridesignar Einar Hareide har teikna for selskapet i trafikk i Nord-Noreg. Om sommaren skal båten trafikkerer i Lofoten, i vinterhalvåret ut frå Tromsø.
Det er Maritime Partner i Ålesund som byggjer båten. Fartyet kostar 46 millionar kroner, blir 24 meter langt og skal ha plass til 140 passasjerer, og om kort tid kan det bli kontrakt nummer to mellom Maritime Partner og Brim Holding
- Vi held på med forhandlingar, seier Espen Larsen-Hakkebo i Brim Holding.

Større rekkevidde

Det første fartyet skal gå på batteri i ti knops fart i ti timar. Det går fint for turopplegget selskapet har planlagt i Nord-Noreg, men målet er å utvikle ein båt som kan gå vesentleg lenger mellom kvar lading.
Espen Larsen-Hakkebo ser for seg at utsleppsfrie sightseeingsbåtar kan stå for trafikken inn i fjordane når cruiseskip på fossilt drivstoff ikkje lenger får tilgang på grunn av strengar utsleppskrav.

Heile landet

Brim Holding blei starta av Espen Larsen-Hakkebo og Agnes Árnadóttir. Dei og deira familiar eig over 80 prosent av aksjane i selskapet.
Larsen-Hakkebo vil førebels ikkje seie kvar båt nummer to skal settast i trafikk, men meiner det er marknad for slike sightseeingsbåtar fleire stadar enn i Nord-Noreg.
- Vi ser eit uforløyst potensiale for fleire slike båtar rundt i landet, seier han.
Brim Holding ser for seg fleire alternativ for vekst; å byggje og drive båtar i eigen regi, å leige ut båtar og selskapet sitt opplegg for drift til franschisetakarar, rein utleige og også sal av båtar.

Publisert: 08.11.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27