Brenneri til topps
BRENNEVINSBØLGJA: Først kom ei bølgje av små bryggeri, deretter siderprodusentar og no er det brenneri som er det nye og veksande. Harald Strømmegjerde bygde garasjen om til brenneri og ligg an til å nå tre millionar kroner i driftsinntekter i første heile driftsår.
Nytt

Brenneri til topps

Harald Strømmegjerde ligg an til å nå tre millionar kroner i driftsinntekter allereie første heile driftsår som brennevinsprodusent.

16.10.2020
Strømmegjerde starta drifta av aksjeselskapet Brennevinsgrova seint hausten 2019. Brenneriet ligg i ei ombygd garasje på småbruket i Sykkylven og Strømmegjerde kombinerer drifta med å arbeid med sal og kundeoppfølgjing hos IMG Group, eit datterselskap i Ekorneskonsernet.
Då koronakrisa kom, vart det ei kraftig, men kortvarig oppbremsing. Salet tok seg snart opp igjen, og med lansering av ein gin med smak av mellom anna jordbær og bringebær frå Valldal tok salet av.
Til tider hadde Strømmegjerde meir enn nok med å produsere nok, og målet om å selje totalt 10.000 flasker frå brenneriet i år ser ut til å bli nådd.

Satsa på brennevin

Strømmegjerde karakteriserer seg sjølv som ein beskjeden ølbryggar. Han ville gjerne gjere noko meir ut av småbruket, men vurderte at konkurransen om øldrikkarane var tøff nok til at det neppe ville vere rom for eitt bryggeri til.
I staden blei det brenneri.
Først kom etableringsbølgja med små lokale bryggeri, deretter vaks etterspørselen etter norskprodusert sider og no er det lokale brenneri som er den siste trenden.
Gardsbrenneriet i Gloppen passerte Trollbryggeriet i driftsinntekter i fjor (sjå tabell9, og når Strømmegjerde tre millionar i driftsinntekter i år vil han truleg passer driftsinntekten til fleire av dei lokale bryggeria alt i sitt første heile driftsår.

Koronavekst

Både Trollbryggeriet i Liabygda (som har varemerket Slogen) og Tonga Gardsbryggeri i Norddal driv servering/publokale i tillegg til bryggeriverksemda. Med koronakrisa har besøket krympa, men til gjengjeld fortel begge om oppsving i etterspørselen etter øl etter ein kortvarig nedtur i vår.
Det er først og fremst i daglegvarehandelen veksten har kome.
I tillegg slo det positivt ut med mange norske turistar i sommar, rett og slett fordi dei er kjøpesterke, meiner Synnøve Bjørnstad i Tonga Gardsbryggeri.
Ho anslår ein vekst i år omlag som i fjor.

Les også:


Publisert: 16.10.2020 16:15

Sist oppdatert: 19.05.2021 12:05